Hopp til innhold

Vegvesenet står fast på Haukeli og Hemsedal som nye stamvegar

Statens vegvesen står fast på at dei nye stamvegane mellom Austlandet og Vestlandet skal gå over Haukelifjell og Hemsedalsfjellet. Hardangervidda er den store taparen i vegvesenet si tilråding.

Kart over foreslåtte fjelloverganger i Sør-Norge

VIL HA VEGANE SLIK: Statens vegvesen står på sitt og vil ha stamvegane mellom aust og vest via Haukelifjell og Hemsedalsfjellet.

Foto: NRK

Det er Hardanger Folkeblad som har fått innsyn i dokument frå vegvesenet som slår fast at dei framleis vil ha dei framtidige stamvegane på E134 og Rv 52, også etter at alle partar har fått uttale seg i saka.

Ordførar i stamvegkommunen Lærdal, Jan Geir Solheim (Sp) er særs nøgd med at Statens vegvesen vil prioritere Hemsedal og Haukeli framfor Hardangervidda.

– Eg er veldig glad for at dei konkluderer slik etter høyringsrunden og er like klare som etter den første runden. Det betyr veldig mykje, seier Solheim.

I rapporten frå Statens vegvesen blir Rv 7 over Hardangervidda berre tilgodesett med mindre, lokale tiltak for å sikre forholda for reiseliv og villrein, melder avisa.

– Her ligg det gode faglege vurderingar bak som klart konkluderer. Det er sterke krefter som jobbar når det gjeld veg. Det som er viktig no er at det blir jobba godt politisk slik at ein følgjer opp dei konklusjonane vegvesenet har gjort, meiner Jan Geir Solheim.

Det er sterke krefter som jobbar for dei ulike stamvegalternativa mellom vest og aust, og Solheim i Lærdal er klar på at kampen for Hemsedalsfjellet ikkje er over.

– Eg reknar overhovudet ikkje kampen for vunne enno. Her har vi fokus no på å stå løpet ut, men vi er veldig glad for dei konklusjonane og vegvesenet i denne saka.

Det er til sjuande og sist Stortinget som skal avgjere kvar stamvegane i Norge skal gå i framtida.