Hopp til innhold

Endeleg stang inn for Eithun og Horrem - vart nordiske meistrar i kveld

Geir Eithun og Iver Horrem gjekk heilt til topps i Nevza-turneringa i Oslo i dag, og er dermed nordiske meistrar i sandvolleyball.

Eithun og Horrem

GODT NØGDE: F.v. Geir Eithun og Iver Horrem er nøgde med vekas innsats. Først tok dei NM-gull i sandvolleyball og i dag gjekk dei til topps i Nevza-turneringa.

Foto: www.cev.lu

– Vi spelte vår beste kamp. Endeleg sat det, og det var deilig. Vi har hatt litt stong ut denne sesongen, så dette var skikkeleg opptur, seier Eithun som er frå Førde.

Makker Iver Horrem kjem opphavleg frå Aukra.

Duoen satsar hardt mot OL i Rio 2016, og sigeren i dag gav kjærkomne poeng for å stå godt rusta når OL-kvalifiseringa startar om eitt år.

– Dette var ein skikkeleg opptur. Dette er ei turnering for lag frå Nord-Europa, så det er klart det er eit steg ned frå World Tour, men vi har møtt gode lag, og i dag var vi det beste laget og det klarar vi å vise, seier Eithun, som er godt nøgd med veka.

Måndag vann dei NM i sandvolleyball etter ein jamn finalekamp.

– Denne veka har vi gjort jobben vår, og det kjennest godt, seier Eithun.

Har vore mykje stang ut

Dei vann dagens finale mot danske Kildegaard/Olesen med settsifra 21-18 og 21-16.

– Vi har tapt ekstremt mange tredjesett i år, difor var det ekstra kjekt å levere gode kampar i denne turneringa. Det har vore for mykje stang ut til at det er tilfeldig, men no køyrer vi på, seier Eithun.

Duoen enda på ein skuffande 17. plass i EM, i motsetnad til i fjor då dei hamna på 5. plass.

Kampprogrammet er tett utover hausten, så særleg tid til å kvile på laurbæra er det ikkje.

– Det blir ein ekstremt travel haust. Sidan vi ikkje har fått det heilt til tidlegare i sesongen må vi spele alt vi kan, seier Eithun.

Må liggje blant topp ti

Det betyr fire World Tour-stemne og iallfall to liknande turneringar som Nevza fram til jul.

– Vi har ikkje definert noko mål for World Tour-stemna, men vi må opp mot topp ti og spele finalar tilsvarande det vi gjorde i dag. Då får vi ein så god posisjon som mogleg med tanke på OL-kvalifisering, seier Eithun.

Om to veker ventar ny turnering i Stuttgard i Tyskland.

– Det er berre å nullstille seg. Programmet utover blir hardt. Vi skal spele i Qatar, Kina, India, Sør-Afrika og Helsinki. Så det blir travelt, men gøy, seier Eithun.