Hopp til innhold

Stal for mellom 300 000 og 500 000 kroner - no er han dømd

Ein mann i 20-åra frå Litauen er i Fjordane tingrett dømd til fengsel i to år og åtte månader etter eit innbrotsraid i Nordfjord og Sunnmøre i byrjinga av året.

Fann depot med tjuvegods i Stryn.

INNPAKKA: Tjuvegodset var godt pakka inn i diverse materiale for å beskytte mot vêr, vind og regn.

Foto: Politiet

Mannen fekk med seg og gøymde verdiar for mellom 300.000 og 500.000 kroner i terrenget før han vart pågripen i Stryn etter tips frå publikum.

Fekk ikkje arbeid

I retten forklarte mannen at han kom til Norge for å oppsøke venner og kjende i Oslo-området i håp om å få seg jobb. Han forklarte at han tidlegare hadde jobba svart som byggingsarbeider i Lillehammer-området.

Mann pågripen i Stryn

PÅGRIPEN: Etter tips frå publikum vart mannen pågripen i denne engelskregistrerte bilen.

Foto: Politiet

Då han kom Norge i januar 2015, var det vanskeleg å få arbeid og han bestemte seg for å dra vestover og skaffe pengar gjennom tjuveri. Han forklarte at det i Litauen er ei kjend sak at dette er ein lett måte å skaffe pengar på.

Tatt på fersken

I Nordfjord og på Sunnmøre gjenomførde litauaren ei rekke innbrot og tjuveri. Han blei pågripen av politiet «på ferske spor». I bilen hans vart det funne ein GPS der det mellom anna var merka av to stader som «favorittar». Like i nærleiken av desse fann politiet depot, der han hadde lagra gjenstandar han hadde stole.

Her fann politiet i Stryn depot.

DEPOT: Like utanfor Stryn sentrum, fann politiet store mengder gods som stamma frå innbrot og tjuveri i Nordfjord.

Foto: Politiet

I retten vedgjekk litauaren det han var tiltalt for. Han forklarte også kvar han hadde gøymt andre gjenstandar, og det meste av det som han hadde stole er kome til rette.

Reagerer strengt

Retten finn at det må reagerast med ei streng fengselsstraff og meiner lovbrota samla, klassifisert som mobil vinningskriminalitet, kvalifiserer til fengsel i tre år.

I formildande retning har retten lagt vekt på at mannen tilstod, sjølv om tilståinga ikkje kom før under hovudforhandlinga, og etter at prova mot han var overveldande.

Retten gir han fire månader i tilståingsrabatt og dømde mannen til fengsel i to år og åtte månader. Mannen må også betale 15.000 kroner i erstatning til tre fornærma partar og tole inndraging av bilen. Til frådrag i fengselsstraffa kjem 88 dagar i varetekt.