Det dystre bodskapet kjem frå ein rapport utarbeidd av Veterinærinstituttet, og peikar på ei kjempeutfordring for oppdrettsnæringa. Situasjonen er ikkje ny, men den blir stadig verre.
– Det er eit stort problem for oppdrettsnæringa som må løyse desse luseproblema, seier Elisabeth Wilmann, direktør for fisk og sjømat i Mattilsynet.
- LES OGSÅ:
- LES OGSÅ:
– Næringa har ikkje kome langt nok
I verste fall kan dette bety at legemidla som har vore i bruk dei siste åra vil slutte heilt å fungere på lakselus.
– Lakselusa har blitt utsett for dei same midlane dei siste femten åra og difor har det utvikla seg ein resistens, seier Wilmann.
Det vil seie at parasitten har blitt så vand med medisineringa at den har lært seg å overvinne medikamenta. Wilmann meiner oppdrettsnæringa må satse på alternative metodar som leppefisk eller skjørt rundt merdane for å stoppe parasitten.
- LES OGSÅ:
- LES OGSÅ:
- LES OGSÅ:
– Det har vore forska mykje på det, men vi føler at næringa ikkje har kome langt nok med å ta i bruk dei nye metodane og at tida no er inne for å jobbe meir med alternative metodar, seier ho.
Prøvar å unngå medikament
For oppdrettsanlegg som har slite med store mengder lakselus over lange periodar vil Mattilsynet pålegge stenging av anlegga inntil problemet er løyst. Og problemet er velkjent i bransjen som jobbar hardt for å finne nye løysingar utover bruk av medikament.
– Det er ei kjempeutfordring, for akkurat no er det dette hjelpemiddelet som er raskast å bruke, men vårt mål er å gå vekk frå det, seier Øyvind André Haram, informasjonssjef i Fiskeri- og havbruksnæringas landsforeining (FHL).
Vaksinar og såkalla luselaser er noko av det bransjen håpar å kunne bytte medikament ut mot, men Haram trur næringa på sikt vil finne andre måtar å unngå å bruke legemidlar.
– På lang sikt er eg optimist, for det har aldri før vore brukt så mykje pengar på behandling av lakselus, og vårt klare mål er å unngå medikament, seier han.