Hopp til innhold

Ei 19 år gammal kvinne omkom etter å ha køyrt i sjøen med lastebil

Politiet stadfestar at det er ei 19 år gammal kvinne frå Førde som omkom då lastebilen ho køyrde hamna i sjøen mellom Nessane og Kvist på F55 ved Balestrand.

Politiet fryktar at det kan vere personar ombord i lastebilen som tysdag hamna i fjorden ved Kvist i Balestrand.

Lastebil hamna i fjorden

Politiet stadfestar seint tysdag kveld at det er ei ung kvinne som er omkommen etter å ha køyrt i sjøen med ein lastebil. Namnet er framleis ikkje frigitt av politiet.

Det var i 15-tida at den omkomne vart funnen.

– Vi kan bekrefte at dykkarane har funne ein person omkommen ombord lastebilen, opplyser innsatsleiar Geir Harkjerr. Leiteaksjonen er avslutta på staden.

Ikkje identifisert

Redningsdykkarar tok seg inn i førarhytta og fann vedkommande. Framleis er ikkje personen som er funnen endeleg identifisert.

(Saka held fram under biletet)

Trafikkulukke mellom Nessane og Høyanger.

OKOMMEN: Ein person er stadfesta funnen omkommen etter at ein lastebil køyrde i fjorden mellom Balestrand og Lånefjorden i 12-tida.

Foto: Lars Jonas Pedersen

Store ressursar har vore på staden og delteke i redningarbeidet. Naudetatene fekk melding om at eit større køyretøy hadde hamna i fjorden mellom Nessane og Lånefjorden om lag klokka 11.50. Det stadfestar Alarmsentralen i Florø overfor NRK.no like før klokka 12.

Vanskelege redningsforhold

Det har vore svært utfordrande å få sikra lastebilen ettersom den låg djupt i vatnet, og det var lenge usikkert om det var folk i lastebilen. Først når redningsdykkarar frå Bergen kom til staden og lastebilen var sikra kunne dei ta seg inn i lastebilen.

– Vi vil jobbe vidare med å finne ut kva som er årsaken til ulukka og vi må få lastebilen opp av fjorden, seier Harkjerr.

Ei 19 år gamal kvinne omkom etter ei utforkøyring ved Nessane

NAUDETATANE JOBBA PÅ SPRENG: Redningsmannskap har vore på staden sidan ulukka vart meld i 12-tida.

Foto: Lars Jonas Pedersen / NRK