Spreke unge overnatta ute

Det blei ei kald natt for 31 unge i Jølster natt til laurdag. Dei var nemleg med på å setje norgesrekord i å sove ute.

Under mottoet «Under open himmel» skulle 4H-arar i Sogn og Fjordane og landet elles sove ute natta etter 4H-dagen som var fredag. Dei ville setje uoffisiell noregsrekord i å sove ute.

Difor fann born og unge i heile landet fram soveposane og liggjeunderlaga sine. Kari Anne Grimelid Årset var med som leiar då Blåklokka 4H på Vassenden fekk besøk av Eikås 4H. Saman overnatta dei i lavvoar på ein bø i Jølster.

– Eg har ikkje heilt oversikta, men eg trur vi sette norgesrekord, seier ho.

(Artikkelen held fram under biletet)

4H-leir i Jølster - LAGA BÅL: Det var godt å varme seg ved bålet, for det blei ein kald kveld. - Foto: Torje Bjellaas / NRK

LAGA BÅL: Det var godt å varme seg ved bålet, for det blei ein kald kveld.

Foto: Torje Bjellaas / NRK

Laga middag på bålet

Dei 31 ungane i ein alder frå 10 år og oppover, hadde meg seg fire vaksne. Det blei lite søvn på både store og små. For det blei ei kald natt.

– Det fraus på, så for nokre blei det ei veldig kald oppleving. Men det gjekk likevel greitt med dei fleste. Vi hadde ein gjeng som ikkje sov noko i det heile teke i natt.

Ho fortel om ei kjekk og koseleg natt, med fint ver, trass kulden.

– Det var nydeleg då månen kom og ungane kosa seg. Vi laga middag på bålet og steikte sveler. Vi hadde også laga til ein natursti. Tida gjekk kjempefort og vi fekk ikkje gjort alt vi hadde tenkt.

Heilt perfekt!

Det er første gong 4H-klubben har gjort noko slikt. Alle ungane blei der heile natta, trass kulden. Det blei ei ny oppleving for mange av dei.

– Dette fristar til gjentaking. Alle ungane var veldig positive. Det er så kjekt å få vere ute i naturen. Ein gut oppsummerte det så fint då faren kom for å hente han i dag tidleg: Heilt perfekt!

4H-leir i Jølster - FLOTT MÅNE: Det blei ei fin stemning då månen kom fram. - Foto: Torje Bjellaas / NRK

FLOTT MÅNE: Det blei ei fin stemning då månen kom fram.

Foto: Torje Bjellaas / NRK
Når fylkeskommunen må kutte 234millionar kroner står ein fjerdedel av kulturmidlane i fare.
Created by InfoDispatcher
Created by InfoDispatcher