Hopp til innhold

Spleisar for betre mobildekning

80 bygder her i landet har fått betre mobildekninga på grunn av spleiselag mellom kommune, fylkeskommune, energiselskap og Telenor.

Mobiltelefon

BETRE DEKNING: Mange bygder får no mobildekning og mobilt breiband takka vere eit spleiselag.

Foto: Bendiksby, Terje / SCANPIX

Frida Melvær

GLEDELEG: Ordførar Frida Melvær (H) seier mange innbyggjarar gler seg over eit betre mobilnett.

Bjørn Amundsen

SPLEISAR: Bjørn Amundsen i Telenor samarbeider med andre for å betre mobildekninga.

Foto: Sondre Dalaker / NRK

I Askvoll kan dei i dag gle seg over at det blei opna to nye basestasjonar, noko mange innbyggjarar set stor pris på.

– Dette er veldig gledeleg. Innbyggjarane har uttrykt stor glede for at dei har fått mobildekning, seier høgreordførar Frida Melvær i Askvoll.

Ikkje økonomisk forsvarleg

Telegiganten Telenor ville ikkje ta heile kostnaden åleine fordi dei meinte det ikkje var bedriftsøkonomisk forsvarleg.

Dekningsdirektør i Telenor, Bjørn Amundsen, tvilar på at dei kunne ha opna to nye basestasjonar Rivedal og Skjærslia om det ikkje hadde vore for spleiselaget.

– Askvoll kommune tok kontakt med oss for halvanna år sidan med ønskje om betre mobildekning. Vi signerte ein samarbeidsavtale og det har ført til at to basestasjonane i dag kunne opnast.

– Kor viktig var samarbeidet?

– Det hadde neppe blitt gjennomført utan ein slik avtale. Det er ofte dyrt å få straumen fram og det manglar infrastruktur. Når det ikkje går rundt økonomisk, er det fint å kunne gjere dette i eit samarbeidsprosjekt. Det er god gammaldags dugnadsånd, seier han.

Set pris på spleiselaget

Ordførar Frida Melvær tykkjer det er heilt greitt med eit spleiselag.

– Det heilt topp. Det er ei utfordring at det er svært kostbart med utbygging i distrikta. Skal kommunen åleine ta det, blir det veldig dyrt. Det ville også teke lang tid, for vi har så mange prosjekt.

– Forstår at du Telenor ikkje vil ta heile rekninga sjølve?

– Eg vil ikkje skulde på dei. Mobildekning og breiband er eit grunnleggjande behov hos folk uansett kvar du blir. Eg vil seie det er eit statleg ansvar.