Hopp til innhold

Trur fusjon framleis blir tema

Framtida til Høgskulen i Sogn og Fjordane som sjølvstendig eining vil bli det nye styret si viktigaste sak, spår tilsetterepresentant.

Jan Olav Fretland

VENTAR MEIR KNIVING: Tilsettrepresentant Jan Olav Fretland trur ikkje siste ord er sagt om framtida til HiSF som sjølvstendig eining.

Foto: Vidar Gudvangen / NRK

– Det blir den aller viktigaste saka. Korleis vi skal få til å kople sjølvstendet vårt med tungt samarbeid, som vi er heilt avhengige av, seier Jan Olav Fretland.

Han er tilsetterepresentant i høgskulestyret og meiner ein eventuell fusjon framleis vil bli det nye styret si viktigaste sak.

Førde-representantar

Trond Ueland

TAUS: Påtroppande styreleiar ved Høgskulen i Sogn og Fjordane, Trond Ueland, har så langt ikkje ville flagge syn i fusjonssaka.

Foto: Sigrid Agnethe Hansen / NRK

Denne veka offentleggjorde Kunnskapsdepartementet det nye styret til Høgskulen i Sogn og Fjordane. Kommunalsjef for kultur, Trond Ueland frå Førde skal vere styreleiar. Også fagdirektør i Helse Førde Hans Johan Breidablik, Gerd Kvale frå Universitetet i Bergen, og Anne Li Nesteng frå Hydro skal sitje i styret fram til 2019.

I høgskulemiljøet i Sogndal er det knytt spenning til om styret vil halde fram sjølvstendelinja til forgjengarane, eller om miljøet rundt høgskuleavdelinga i Førde vil få større gjennomslag. Her har fleire tatt til orde for fusjon med Høgskolen i Bergen.

Den heitaste poteta vil også framover vere høgskulen sitt sjølvstende trur Fretland. Med arbeidsstad Sogndal er han tidlegare rektor ved høgskulen. No skal han representere dei fagtilsette i styret.

Heidi- Kathrin Osland

FERDIG: Etter til saman åtte år høgskulestyret går Heidi-Kathrin Osland av som styreleiar.

Foto: Vidar Gudvangen

– Og så skal det styret snakke seg saman. Så får vi sjå kva som blir resultatet av det, seier Fretland som meiner det førre styret gjorde ein god jobb med å trasse utdanningsminister Torbjørn Røe Isaksen (H) sine argument for samanslåingar.

Set si lit til det nye styret

Også Sogndal-ordførar Jarle Aarvoll (Ap) er spent på det nye høgskulestyret.

I mai kritiserte Aarvoll fylkesutvalet for å prioritere postadresse framfor kvalifikasjonar då påtroppande styreleiar Trond Ueland frå Førde vart utnemnt til ny fylkeskommunen sin styrerepresentant etter påtrykk frå Sunnfjord. Tidlegare topp-politikar frå Sp, Erling Sande frå Nordfjord vart vraka.

Ordførar i Sogndal Jarle Aarvoll

STOLAR PÅ TIDLEGARE VEDTAK: Ordførar Jarle Aarvoll i Sogndal.

Foto: Halvor Farsund Storvik / NRK

– Men eg tenkjer eg tenkjer at ein har gjort eit vedtak. Ein har valt ei linje. Om det kjem nye folk inn, så snur ikkje ein opp ned på dette. Eg både forventar og trur at det nye styret vil vidareføre dei gode tinga som det gamle styret og rektor har jobba etter, seier Aarvoll.

Flaggar ikkje syn

Trond Ueland ville ikkje seie kor han står i fusjonssaka, då han vart intervjua av NRK måndag. Hans Johan Breidablik som òg er godt kjent i høgskulemiljøet i Førde vil heller ikkje flagge syn no.

Hans Johan Breidablik

– PRAGMATIKAR: Nyutnemnd styremedlem Hans Johan Breidablik

Foto: Eldgrim Fossheim / NRK

– Eg trur nok at eg er monaleg meir pragmatisk enn mange andre i denne saka. Uansett korleis ein organiserer vil ein vinne noko, og tape noko anna. Det blir ei vekting av dette som på ein måte må gi summen, seier Breidablik til NRK.

I tillegg til at høgskulestyret er nytt, tek Rasmus Stokke over som ny HiSF-rektor etter Åse Løkeland.