Hopp til innhold

Gullruten-nominerte er spente før prisutdeling

Programskaparane for «Der ingen skulle tru at nokon kunne bu» har ikkje skrive ferdig takketale.

Gullruten-nominerte Der ingen skulle tru at nokon kunne bu

NYSTRIGLA: Gjengen bak 'Der ingen skulle tru at nokon kunne bu' med fotograf Torje Bjellaas (t.v.) programleiar Arve Uglum og musikkprodusent Inge Ronny Kvåle (t.h.).

Foto: Arve Uglum / NRK

Oppdatert: NRK Sogn og Fjordane hadde nominerte i to kategoriar under gårsdagens Gullruten-show i Bergen. Arve Uglum og Torje Bjellaas sitt «Der ingen skulle tru ...» var nominert i klassen Beste livsstilsprogram. Prisen gjekk til NRK-programmet Med livet som innsats. I kategorien Beste TV-øyeblikk var «MGP jr» nominert for «BliMe-dansen» under finalen i 2015. Karoline Berge Hammersmark som jobbar ved NRK Super si avdeling i Førde stod for koreografien, men det vart ikkje pris under utdelinga i Bergen.

– Men håret er vasskjemba, og tennene er nypussa så vi ser slett ikkje ut slik vi brukar å gjere på jobb så viss ikkje dette er godt nok så veit ikkje eg, seier ein lattermild Arve Uglum.

Han er arvtakaren til den legendariske Oddgeir Bruaset som starta den folkekjære produksjonen av «Der ingen skulle tru at nokon kunne bu». No er etterfølgjarane nominerte til «Gullruten» for beste magasin- eller livsstilsprogram,

Stramme i tøyet

– Så klart er vi spente. Det er jo stas å bli nominerte, vi kan jo ikkje rekne med så mykje meir enn det. Det er tre andre kjempeprogram som er nominerte i same kategori.

Prisutdelinga er den gjævaste prisen for norsk tv-bransje. I kveld er gjengen klare for prisfest i Grieghallen i Bergen.

– Det er ein pris alle i tv-bransjen lengtar etter. Då eg knytte slipset på hotellet i kveld tenkte eg at dette er kanskje det nærmaste eg kjem, så då hadde det vore kjekt å tatt det heilt i mål, seier Uglum.

«Der ingen skulle tru at nokon kunne bu» har gått på NRK1 sidan seinhausten 2002. Kollega og mannen bak fjernsynskameraet, Torje Bjellaas, deler Uglum sitt syn på gleda av berre å vere nominert.

– Eg tenkjer at det er stas nok å vere her. Å gå i resepsjonen på hotellet er som å gå bak tv-skjermen for alle er her, og vi og.

Kjempar mot andre gode kandidatar

Det å bli nominert til pris eitt år etter å ha tatt over programskaparansvaret er stort for gjengen bak serien.

– For oss som tok over dette etter ein markant programskapar som hadde sin heilt eigen stil på dette, så er det fint. Først fekk vi gode sjåartal og gode tilbakemeldingar. Så vi føler dette er eit bra godkjentstempel på det vi har gjort.

Dei andre programma som er nominerte i same kategorien er «Kjære mamma» (TV2), «Luksusfellen» (TV3), «Med livet som innsats» (NRK).

– Vi har i alle fall eit program som handlar om folk som verkeleg har tatt eit val om å leve på ein annan måte så vi treff bra når det gjeld å ha ein heilt særeigen livsstil, seier Bjellaas.