Hopp til innhold

Denne «superkatamaranen» kan revolusjonere godstransporten langs kysten

Ein ny, hurtiggåande «superkatamaran» frå Hyen vil kunne revolusjonere godstransporten langs kysten, og ikkje minst mellom oljebasane.

Godskatamaran

PÅ TEIKNEBRETTET: Ein ny katamaran frå Brødrene Aa kan vere med på å revolusjonere transporten av gods langs kysten.

Foto: Brødrene Aa

Vi har teknologien, vi har kapasitet, vi har materialane og vi har det som skal til for å byggje eit slikt fartøy. Men det må finansielle musklar på plass og ei reiar på plass. Det jobbar vi med no.

Framfor Stortinget sin næringskomitè i Gloppen i går, drog dagleg leiar ved Brødrene Aa i Hyen fram eit prosjekt som kan revolusjonere godstrafikken langs kysten: Ein hurtiggåande 70 meter lang luftputekatamaran som kan gå i vel 30 knop, og som tek last i staden for passasjerar.

Særleg mellom oljebasar på land kan ein slik katamaran ha eit stort potensial. Prosjektet vart nyleg vist fram under oljemessa i Stavanger, responsen var svært positiv.

Kan halvere reisetida

Dagleg leiar i Maritim Forening Sogn og Fjordane Stein Kvalsund trur næringslivet langs kysten kan tene stort på ny teknologi. Reisetida kan halverast samanlikna med gods på til dømes E39.

– Det er utarbeida tabellar for kor lang transporttid ein kan spare inn, utan å gå inn i detaljane så er det einskilde strekninga rein spare inntil 50 prosent av tida på. Litt avhengig av kva basar ein skal innom. seoer Kvalsund.

Har fulle ordrebøker

Suksessverftet Brødrene Aa i Hyen har slått seg opp på bygging av passasjerbåtar, har 120 til 130 tilsette og fulle ordrebøker. Båtane blir bygde i karbonfiber noko som er eit konkurranseføremon fordi ein reduserer kostnadane med drivstoff.

Tor Øyvind Aa ser no moglegheiter innan godstrafikk. No handlar det om å få ideen til røyndom.

– Ein må byggje ein prototyp som kan vise at båten held mål, slik vi og mange i bransjen trur at det den gjer. Då først ligg marknaden der, seier Aa.