Hopp til innhold

Sp-Underdal: – Distad har gjort for lite for å løysa cruisekonflikten

FLÅM (NRK): – Me kan ikkje akseptera aksjonsformer som seier at turistane ikkje er velkomne hit, svarar ordførar Noralv Distad på kritikken frå Sp sin ordførarkandidat Ivar Bjarne Underdal (biletet).

Ivar Bjarne Underdal

ORDFØRARKAMP I CRUISEKOMMUNEN: Ivar Bjarne Underdal (Sp) gjer comeback og utfordrar Noralv Distad (H) om ordførarmakta i Aurland.

Foto: Noralv Pedersen / NRK

Vallogo

Flåmsbana kjem inn til stasjonen. Ei av verdas mest populære togreiser er over eit hundretals turistar.

Med trillekoffertar frå heile verda kjem over 700 000 menneske kvart år for å ta toget opp dei bratte kleivane i Flåmsdalen. Turistmagneten har gjort reiselivet til den viktigaste næringa i Aurland. Kvar tredje arbeidsplass i kommunen er kopla til nettopp turismen, viss ein reknar med transport og handel.

Turistar med Flåmsbana

DRIVAREN I REISELIVET I AURLAND: 704.478 turistar tok Flåmsbana i 2014.

Foto: Noralv Pedersen / NRK

Men ordførar Noralv Distad (H) meiner meir kan hentast ut:

– Reiselivet i Aurland er stort, men me har fantastiske moglegheiter til å utvikla dette vidare, og mi hovudsatsing vil vera å utvida turismen til ei heilårsnæring.

Landstraum

Eit steinkast frå den hektiske togstasjonen i Flåm ligg den flytande doningen som skapar konflikt i turistbygda. Frå ei høgreist pipe på 220 meter lange «Costa Romantica» stig ein grå røyk.

Denne ureininga frå cruiseskipet mislikar John Håland, andrekandidat for Miljøpartiet dei grøne (MDG) i Aurland:

Røyken frå eit skip som ligg her i dag, svarar til at 8000–12000 bilar står på tomgang. Dei siste dagane har me hatt eitt skip kvar dag, og nokre dagar to, så her er det snakk om store utslepp.

John Håland, MDG

KREV LANDSTRAUM: – Ureininga frå cruiseskipa må stoppast, meiner John Håland, andrekandidat til Miljøpartiet dei grøne.

Foto: Noralv Pedersen / NRK

Håland vil difor at hamnestyra i Aurland og dei andre store cruisereisemåla i landet skal gå saman og krevja at skipa skal henta straum frå land når dei ligg til kai.

Eit urealistisk krav, seier ordførar Distad:

– Me må heller arbeida for at det internasjonalt blir laga eit einsarta system som gjer at skipa kan kopla seg på landstraum. For det kostar mykje å byggja ut, og det skal skipet betala for, og det kan ein ikkje tvinga nokon til å gjera.

Reiselivstungvektarar

Distad fekk ordførarmakt etter det sterke Høgre-valet for fire år sidan. Det markerte òg slutten eit 20 år langt Senterparti-styre i kommunen.

Distad stiller på igjen. Det gjer òg Ivar Bjarne Underdal som var Senterparti-ordførar i Aurland frå 1992–2003.

Noralv Distad

BEREDSKAPSLEIAREN: Noralv Distad har i ordførarperioden sin måtta handtera to ulukker i Gudvangatunnelen, brannen i Lærdal og den store flaumen i fjor haust.

Foto: Noralv Pedersen / NRK

Begge har vore sentrale i utviklinga av reiselivet i Aurland, Distad som reiselivssjef i tjue år, og Underdal som mangeårig ordførar og initiativtakar til selskapa Aurland ressursutvikling og Flåm utvikling, som har sikra ei kommunal styring over reiselivet i kommunen generelt og Flåmsbana spesielt.

Underdal meiner Distad har gjort for lite for å løysa den fastlåste konflikten rundt cruisetrafikken.

Han har eit betydeleg ansvar for ikkje i tida å ha gått inn og teke dei kritiske røystene og problema alvorleg. I staden for har me opplevd ei polarisering mellom velmeinande folk i begge leiarar.

Dansegalla i Karibia

I tillegg til ureinande skipsrøyk, har den store cruise- og båttrafikken på Nærøyfjorden sett sinna i kok hjå innbyggjar og turistvertar: Bølgjene vaskar vekk murar langs strendene, og det vekte oppsikt då det blei kjent at Fjord1-ferjene mellom Flåm og Gudvangen tømde kloakken sin rett i verdsarvfjorden.

Cruiseprotest i Flåm

«NO CRUISE SHIT»: Meldinga på denne sjøbua har skapt nytt liv i cruisedebatten i Flåm.

Foto: Arne Veum / Aurlendingen

I tillegg kjem larmen, seier Håland.

Når nokre av cruiseskipa kjem, skulle ein tru det er dansegalla i Karibia. Dei tykkjer det er veldig kjekt å fløyta. I går reiste det eit skip som fløytte iallfall 12 kraftige støyt. Slike ting er unødvendig.

Håland sin partifelle Anders Fretheim, som står på tredjeplass på MDG si kommunestyreliste, er blant dei som har protestert kraftigast. «No cruise shit» har han skrive på toppen av ei sjøbu ved innseglinga til Flåm. Dette har skapt rivingar i bygda.

Distad avviser at han som ordførar gjort for lite for å løysa cruisestriden.

Me kan ikkje akseptera aksjonsformer som seier at turistane ikkje er velkomne hit. Me må ta diskusjonen i kommunestyret, og så skal me ha gode prosessar i forkant av det.

Det «ekte» Norge

Inne i Saga Souvenir blir ei regnjakke gjort klar til å hengjast opp på klesstativet. Regnbyene har jaga dei mange cruiseturistane inn til postkorta og vikingskipa i den store suvenirbutikken.

Ivonne Bigda og Gerd Buesch

VAKKERT, MEN ...: - Flåm verkar å vera ein rein turistplass som kunne ha lege kvar som helst, seier tyske Gerd Buesch, her saman med kona Ivonne Bigda.

Foto: Noralv Pedersen / NRK

Det tyske ekteparet Ivonne Bigda og Gerd Buesch har nettopp kome til Flåm, men skulle gjerne ha møtt meir av det «ekte» Norge.

Fyrsteinntrykket var godt, men no ser me at dette er på turismen sine premissar. Me kom hit for å sjå dei norske spesialitetane, og ikkje berre ein stad som kunne ha vore kvar som helst, seier Buesch.

Småskala vs. turistindustrien

Underdal meiner meir må gjerast nettopp for å slusa få turistar som Buesch ut i heile verdsarvområdet i kommunen. Ordførarkandidaten frå Senterpartiet tykkjer den sitjande ordføraren har gjort for lite for at småskalaturismen har fått ta del i den eksplosive reiselivsveksten:

Asiatiske turistar

MASSETURISME FRÅ ASIA: Sp i Aurland meiner dei tilreisande i Flåm bør slusast ut til dei mange småskala opplevings- og lokalmattilboda i kommunen. Høgre meiner derimot at samvirket mellom dei store og små turistaktørane er godt i dag.

Foto: Noralv Pedersen / NRK

– Det har skjedd ei fantastisk utvikling i Aurland med folk som satsar på lokal mat og lokale opplevingsprodukt. Men der finst ingen dialog med dei store aktørar, og det er ikkje laga ein strategi, der me må ta val om kva me vil reiselivet skal ta kommunen, elles tek han sin eigen veg.

– Eg meiner at det er eit godt samvirke mellom dei store og mindre aktørane. For grunnlaget for at dei mindre aktørane kan lukkast, er at det kjem nok turistar hit, slik at dei får nok gjester, slik at dei kan dekka sine utgifter, svarar Distad.

Ordførarkandidat for Arbeidarpartiet i Aurland er Leiv Jarle Bergheim, og for Venstre er ordførarkandidaten Terje Horvei.