Åge Starheim - - SP OPPTRER ILLOJALT: Stortingsrepresentant Åge Starheim, Frp. - Foto: Brit Jorunn Svanes / NRK

- SP OPPTRER ILLOJALT: Stortingsrepresentant Åge Starheim, Frp.

Foto: Brit Jorunn Svanes / NRK

Sp opptrer illojalt, seier Frp

Senterpartipolitikarane opptrer illojalt når dei legg skulda på Arbeidarpartiet for det dårlege landbruksoppgjeret, seier stortingsrepresentant Åge Starheim frå Frp.

Bøndene braut forhandlingane fordi dei er skuffa over tilbodet frå regjeringa. Det er typisk Senterpartiet å legge skulda på andre, seier Starheim.

– Dette er ei forferdeleg dårleg sak for Senterpartiet, og då er det om å gjere å få skulda over på Arbeidarpartiet.

– Heile regjeringa bak tilbodet

Regjeringa sitt tilbod til bøndene var på om lag 900 millionar kroner, tilsvarande ein inntektsvekst på 13.000 kroner per årsverk. Men bøndene sine inntekter ligg langt under samanliknbare grupper, og dei hadde venta seg langt meir av ei regjering der ikkje minst Senterpartiet sit.

Jenny Følling - - VANSKELEG SITUASJON: Fylkesvaraordførar Jenny Følling, Sp. - Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

- VANSKELEG SITUASJON: Fylkesvaraordførar Jenny Følling, Sp.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

Men heller ikkje Senterpartiet har meir å tilby enn det heile regjeringa kan stille seg bak, seier fylkesvaraordførar Jenny Følling frå Senterpartiet.

– Det er regjeringa som har lagt fram tilbodet, og ein minister har ikkje meir midlar enn det finansministeren utstyrer han med.

– Skal score politiske poeng


Og som vi veit representerer finansminister Sigbjørn Johnsen Arbeidarpartiet. Men Åge Starheim er provosert over slike forklaringar frå Senterpartiet.

– Dette er medviten politikk frå Senterpartiet, dei opptrer både som opposisjon og som medlemmer av regjeringa. Dei skal score politiske poeng ved å skulde på andre når det er noko som blir oppfatta negativt rundt om hjå veljarane.

Jenny Følling meiner tilbodet frå regjeringa er så dårleg at ho forstår at bøndene har brote forhandlingane.

– Eg synest det er ein vanskeleg situasjon, og eg forstår landbruket sine reaksjonar på dette. Det er eit stort vonbrot, og dei burde ha kome bøndene i møte med meir budsjettmidlar.

Tysdag 22. mai låg to av verdas største cruiseskip i Olden.
Skredet issolerte dei frå omverda.
Fylkesveg 242 mellom Skjerdal og Aurlandsvangen er stengd etter at det gjekk eit stort steinras og fleire mindre jordskred nedover elva Volda i dag tidleg.