Hopp til innhold

På veg til å bli spikar, men Riksantikvaren sa stopp

Riksantikvaren redda «Solundir» frå opphogging med ei mellombels freding.

Solundir

INGA FRAMTID: Solundir skulle til opphogging, men Riksantikvaren har mellombels freda fartøyet.

Foto: Erik Småland/Riksantikvaren

– «Solundir» representerer første generasjon ein-skrogs halvplanande passasjerfartøy av aluminium og er i dag den mest intakte av sin type, skriv Riksantikvaren i ei pressemelding.

Derfor såg ikkje Riksantikvaren anna løysing enn å frede fartøyet i seks månadar for å skaffe seg tid til å klarlegge verneverdien.

Fartøyet var i akutt fare for å bli destruert etter å ha mista plassen sin i Trondheim hamn, og var på veg til opphogging.

Alternativt kan båten reddast av ein langsiktig eigar av båten, som har god finansiering.

Treng mykje pengar

Hermund Kleppa som lenge har vore ein entusiast for Fylkesbaatane sine fartøy er vernet av «Solundir» interessant.

– Ein kan ikkje ta vare på alt av båtar og bygningar. Ein må gjere eit utval. Ein må ta vare på eksempel på det spesielle. «Solundir» var nok ikkje den første av ekspressbåtane. Men at ein tar vare på denne typen er eg interessert i.

Sjølv for båt-entusiasten Kleppa ser han behovet for "ein rik onkel" for å vareta "Solundir".

– Viss denne båten kan takast vare på synest eg det er bra. Men det må pengar til. Riksantikvaren har vore raus det i siste året, men det spørst kor mykje pengar han har. Ein kan ikkje byrje med basar og vaflar i dette tilfellet, til det er prosjektet for stort og dyrt.

Var ein pioner på sjøen

Ekspressbåten «Solundir» hadde sin fyrste tur på strekninga Solund – Bergen i 1972.

Riksantikvaren legg vekt på at Fylkesbaatane i Sogn og Fjordane stod som eigar, og at det vart bygt av Westermoen Hydrofoil.

På slutten av 1960-talet fekk kom ein ny generasjonen hurtiggåande passasjerfartøy som peikar fram mot dagens moderne fartøy.

– Det er viktig å sikre sentrale døme på denne generasjonen fartøy, både fordi den dokumenterer eit teknisk sprang som i samtida vart opplevd som eit viktig tidsskilje, og fordi desse fartøya dannar grunnlaget for dagens teknologi, skriv Riksantivaren.