Hopp til innhold

Sognefjellshytta skal få ny drakt

Sol, snø og skodde om ein annan. Skiftande vêr i høgfjellet blir veldig synleg når Sognefjellshytta no skal få ny drakt.

Slik skal Sognefjellshytta sjå ut etter millionutbygginga

ATTRAKTIVT: Sjefen ved Sognefjellshytta håpar utbygginga skal gjere den endå meir attraktiv.

Foto: Jensen & Skodvin Arkitekturkontor AS

8,5 millionar kroner ligg i potten når Sognefjellshytta blir utbygd, skriv Sogn Avis. Dei to bygga ein har i dag skal bindast saman, og det med ei storstove med ytterside av vekselvis tre og glas.

Slik skal folk som vitjar hytta få oppleve skiftingane i vêr og lys på ein heilt spesiell måte.

– Her blir det tid og rom til å stoppe og kjenne på naturen. Her er så mykje utsikt og variasjon at dei som kjem på besøk heile tida kan finne sitt eige rom, anten ein snur seg mot Smørstabbstindane eller mot Fanaråken, seier Werner Harstad i Statens vegvesen i ei pressemelding.

– Den nye storstova

Byggearbeidet er allereie i gang, og grunnmuren til det nye bygget som skal binde dagens to hus saman er støypt. Snart skal ein i gang med neste steg, som er å reise bere- og rammekonstruksjonen i limtre.

Etter planen skal det nye tilbygget vere tetta og førebudd for vinterens herjingar i oktober. Heilt klart skal det stå til hausten 2014.

Nybygget skal sikre Sognefjellshytta eit meir funksjonelt inngangsparti, ein større resepsjon og at alle kan nytte seg av tilboda dei har, ifølgje pressemeldinga.

– Dette blir den nye storstova. Det nye tilbygget blir på 240 kvadratmeter og skal gje dei besøkjande ei betre oppleving. Det blir mykje enklare og drifte bygget, og å halde diverse arrangement, seier dagleg ved Sognefjellshytta, Råmund Mundhjeld, til Sogn Avis.

(Artikkelen held fram under biletet)

Slik blir den nye Sognefjellshytta

LIMTRE: Den nye storstova blir ein moderne grindverkskonstruksjon med eit mønster av trekantar som knyter seg til dei eksisterande gavlane på kvar side.

Foto: Jensen & Skodvin Arkitekturkontor AS

Håpar å bli endå meir attraktive

Det er Sognefjellshytta AS og Statens vegvesen, Nasjonale Turistvegar som står saman om spleiselaget for nybygget.

Den nye storstova får ein spesiell stil, og vil gje bygget ein tydelegare arkitektonisk identitet. Råmund Mundhjeld seier håpet er at det nye anlegget skal vere med å styrke reiselivsnæringa i regionen.

– Lunsjgjestar frå cruiseskipa i Sognefjorden er ein marknad i vekst. Og det blir neppe mindre attraktivt for Russland sine skilandslag som bur her no, eller det norske skilandslaget som straks er rundt hjørnet. Eller for alle andre fjellturistar og friluftselskarar som vitjar regionen og Sognefjellshytta, seier han ifølgje pressemeldinga.

Slik skal Sognefjellshytta sjå ut etter millionutbygginga

STORSTOVE: Det nye bygget skal binde saman dei to bygga som utgjer Sognefjellshytta i dag. Det er arkitektkontoret Jensen og Skodvin som står bak utforminga.

Foto: Jensen & Skodvin Arkitekturkontor AS