jubel Sogndal - JUBEL: Sogndal-spelarane kunne juble over tre nye poeng mot Molde. Som i fjor. - Foto: Oddleif Løseth / NRK

JUBEL: Sogndal-spelarane kunne juble over tre nye poeng mot Molde. Som i fjor.

Foto: Oddleif Løseth / NRK

Sogndal snudde 0-1 til 2-1

Sogndal held fram å imponere i eliteserien. Laurdag kveld reiste regjerande seriemeistrar Molde frå fjorårets seriemeistrar frå Fosshaugane med null poeng.

Heimelaget tukta Even Hovland & co med 2-1, etter å ha ligge under 0-1 i over 50 speleminutt av kampen.

– Vi var litt prega etter at vi kom under, og var veldig sugne på å snu det. Vi hadde ein god periode i andre omgang og det er ikkje noko som er betre enn å snu det på den måten der, jublar matchvinnar Ulrik Flo.

La om på planane

Ulrik Flo - MÅLBEVISST: Ulrik Flo i duell om ballen. - Foto: Oddleif løset / NRK

MÅLBEVISST: Ulrik Flo i duell om ballen.

Foto: Oddleif løset / NRK

Etter å ha sett gjestenes Martin Linnes sette ballen i eige mål, kunne Sogndal-spelarane kaste seg rundt matchvinnar Flo tre minuttar seinare. Stryningen sette pannebrasken på eit perfekt innlegg frå ungguten Eirik Bergum Skaasheim.

Og fullførde med det ein knallsterk snuoperasjon.

– Vi la om planen litt i pausen. I første omgang spelte vi mykje gjennom midten, men det vart så humpete der. I andre omgang vart vi meir kyniske og brukte kantane meir, seier Flo.

Sogndal - Molde - HELD FRAM: Hannu Patronen og Sogndal held fram poengsankinga i eliteserien. Laurdag fekk Even Hovland (t.v.) og Molde ingenting att frå sitt besøk til saftbygda. - Foto: Oddleif Løset / NRK

HELD FRAM: Hannu Patronen og Sogndal held fram poengsankinga i eliteserien. Laurdag fekk Even Hovland (t.v.) og Molde ingenting att frå sitt besøk til saftbygda.

Foto: Oddleif Løset / NRK

MFK tok føringa

Molde var det førande laget før kvilen, men allereie etter to minutt kunne Flo gjeve heimelaget 1-0. Molde-keeper Espen Bugge Pettersen feilrekna ein lang ball inn i feltet, men lobben frå Flo var for laus og Vegard Forren kunne klarere på streken.

Utover omgangen gjorde den ujamne grasmatta det vanskeleg å spele ballen langs bakken. Gjestene frå rosenes by beherska speleforholda betre enn vertane dei første 45 minutta.

Det var også Molde som fekk den første scoringa då Magne Simonsen fann ein umarkert Mattias Moström på bakerste stolpe med ein feilpasning. Fleire mål fekk ikkje Molde.

– Vi spelar med optimisme og tru. Trur ikkje vi på det, så skjer det ikkje. Vi gir 100 prosent, seier Flo.

Inntok sølvplassen

Svensken breisida ballen sikkert i mål bak Kenneth Udjus og gav tidlegare Sogndal-spelar Even Hovland ein lukkeleg retur til Fosshaugane.

Etter kvilen var det eit langt meir aggressivt Sogndal-lag, og meir defensivt MFK-lag som entra bana.

Sigeren løfta Sogndal til sølvplass i eliteserien, eitt poeng bak serieleiar Strømsgodset. Med andre ord er det duka for eit ekte toppoppgjer på Marienlyst i Drammen.

– Det er eit veldig bra lag. Vi vann 4-2 i generalprøva der tidlegare i år, men det blir ein vanskeleg bortekamp som eg trur vil passe oss bra, seier trenar Jonas Olsson.

Vi setter pris på at mange bidrar med meninger, erfaringer og synspunkter i kommentarfeltet. Takk for at du begrunner dine meninger og avstår fra personangrep. Innlegg som ikke følger våre regler for deltakelse kan bli slettet.
Rekordstor rovdyrerstatning i Sogn og Fjordane
Barnebarnet til Nikolai Astrup viser for første gang sin private samling av ekte Astrupkunst.
Håpet er at noen vil kjøpe hele samlingen til en av norges største kunstnere slik at de kan bli offentlig for alle.
Tage Nondal sine jærhøns har vunne mange prisar.

Kvar er dette?

Kvar er dette - Foto: Merete Husmo Høidal / NRK
Foto: Merete Husmo Høidal / NRK

Veit du kvar dette er? Du kan vinne Flax-lodd

Høyr sendingane våre

Gro Ravnestad - Foto: Arne Stubhaug / NRK
Foto: Arne Stubhaug / NRK

Høyr alt vi sender - direkte og i opptak

Vestlandsrevyen

Vestlandsrevyen - Foto: Marit Hommedal / Scanpix
Foto: Marit Hommedal / Scanpix

Sjå Vestlandsrevyen her