Hopp til innhold

Sogndal tekne på senga – igjen

Igjen sov Sogndal då dommaren bles kampen i gang. Men i motsetnad til i opningskampen mot Bærum, blei dei straffa mot Hønefoss.

Sogndal kjempar

VAKNA: Sogndal bråvakna etter fem minuttar med eit mål mot seg.

Foto: Heidi Lise Bakke / NRK

Sogndal byrja like tafatt mot Hønefoss i 1. divisjonskampen på Fosshaugane i kveld, som mot Bærum i første heimekamp for 14 dagar sidan.

Fyrst frampå for Romerike-klubben var tidlegare Sogndal-spiss Malick Mane, og Hønefoss heldt fram med å trykkja på. Etter fem minuttar skaut Morten Hæstad rett på Miguel Hamutenya, som styrte ballen i mål. 1–0 til Hønefoss.

Skåring for Hønefoss

JUBEL: Hønefoss skåra etter fire minutt.

Foto: Heidi Lise Bakke / NRK

Dominerte

Etter skåringa vakna Sogndal frå opningsdvalen. Etter ni minuttar fekk sogningane corner. Ulrik Flo fekk gå opp åleine, men Hønefoss-keeper redda. Returen hamna hjå Babacar Sarr, men han trefte ureint, og ballen humpa ufarleg ut over dødlinja til Hønefoss.

Sogndal heldt fram med å dominera utover i omgangen. I det 17. minuttet fekk heimelaget til fint kombinasjonsspel etter at Ulrik Flo vann ein viktig duell på midten. Ballen enda til slutt hjå Jim Johansen som la eitt av sine mange gode legg inn føre Hønefoss-keeperen. Petter Strand kunne breisida ballen i mål, men sleiva og spolerte ein stor sjanse.

Misbrukte sjansar

Nokre minuttar etter fekk Flo ein ny stor sjanse. Han gjekk opp på ein corner, men ballen glei av pannebrasken.

Sogndal styrte kampen resten av fyrsteomgangen og skapte fleire nestensjansar, men eit fysisk sterkt Hønefoss-mannskap – med Ugonna Anyora i front – rydda unna, og heimelaget måtte gå av bana eitt mål under.

Lagoppstillingane

Sogndal: Christian Sukke – Eirik Skaasheim, Bjørn Inge Utvik, Hannu Patronen, Victor Grodås – Rune Bolseth, Petter Strand, Babacar Sarr, Ulrik Flo, Jim Johansen – Kristian Fardal Opseth.

Hønefoss: Łukasz Jarosiński – Abdoulaye Seck, Thomas Braaten, Aleksander Solli, Miguel Hamutenya – Christian Aas, Morten Hæstad, Ugonna Anyora, Alexander Groven – Malick Mane, Kevin Beugre.