Hopp til innhold

«Eg er utruleg, utruleg skuffa»

Kenneth Udjus har stått som ein mur for Sogndal fram til dei to siste kampane. Han var svært skuffa etter tapet for Viking.

Udjus mål

RETT I MÅL: Kenneth Udjus og Sogndal-forsvaret var sjanselause mot Viking. Her scorar Indridi Sigurdsson for Viking.

Foto: Steinar Lote / NRK

To gonger måtte han sjå ballen gå i målet bak seg, etter svake forsvarsprestasjonar frå Sogndal si side.

Trass Hannu Patronen si scoring mot slutten av kampen, var Sogndal sjanselause mot eit Viking-lag som fullt fortent tok med seg tre poeng frå Fosshaugane.

– Ingen god kamp

– Eg er utruleg, utruleg skuffa. Eg synes ikkje vi spelar nokon god kamp, og det synes eg ikkje Viking gjer heller. Eg synes vi gjev dei måla dei får i dag, og det er veldig skuffande. Det er klart at dei skaper litt meir på slutten i dag når vi hiver fram alt vi har, men det er jo naturleg også, fortalde ein vonbroten Udjus til NRK etter kampen.

Frå å vere eit lag som knapt har tillete andre lag plass framfor målet, har måla nærast rent inn dei tre siste kampane. Først 3-0-tap i cupen mot Florø, så 3-0-tap mot Strømsgodset - og no 1-2 tap mot Viking.

Vil vinne mot Brann

No ventar Brann iBergen 16. mai, og eit smekkfullt stadion krev at raudtrøyene dunkar til mot Sogndal. Det vil Udjus og resten av Sogndalslaget gjera noko med.

– Vi må vinne på onsdag. Vi skal kjempe og stå på vidare. Vi møter eit spennande Brann-lag med masse trøkk mot seg på 16. mai, og alle forventar at Brann skal vinne. Det blir kjekt å gå ut på stadion, og der skal vi klare å ta tre poeng, forsikrar Udjus som opplevde eit Sogndal-forsvar framfor seg som slett ikkje var heilt patent.

Jonas Olsson

HAR TRUA: Jonas Olsson trur og meiner at Sogndal skal klare å snu trenden til kampen mot Brann onsdag.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

Må trøkke til

Kva Sogndal no skal gjere for å snu trenden og sørga for å ta dei poenga som er naudsynt for å klara seg i eliteserien, det Udjus usikker på. Enkle løysingar og godt spel.

– Det er ikkje noko hokus-pokus. Vi må jobbe hardt og vi må trøkke til og vinne duellane. Det er ganske enkle ting det er snakk om her. Vi må og vere lojale mot spelestilen framover. Den har vi framleis stor tru på og vi har jo teke mange poeng med den så langt i sesongen, sler målvakta frå Sørlandet fast.

Fekk annulert scoring

Rett før domaren blåste av for full tid i 1. omgang, fekk Sogndal annulert ei scoring. Etter mykje klabb og babb framfor Viking-målvakt Rune Jarstein, gjekk ballen i mål.

Men linjedomaren var kjapt oppe med flagget og målet var annulert for offside. Sogndaltrenar Jonas Olsson ville ikkje kritisere domaren i harde ordelag, sjølv om annuleringa vart dagens «snakkis» på Fosshaugane.

– Det er vel ingen som hadde protestert om vi hadde fått det målet... Vi byrja kampen veldig bra, og hadde nokre gode sjansar i starten. Så går Viking opp i 0-1 og vi blir liggande bak, konstaterte Olsson.

Ørjan Hopen

SKUFFA: Ørjan Hopen leverte ein god kamp, men måtte innsjå at poenga hamna i Stavanger.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

Dobbelt for Hopen

Ørjan Hopen leverte som vanleg ein sterk kamp for sogndølene, men også han måtte bittert innrømme at det blei for svakt mot Viking.

Dessutan opplevde han rett før avspark at ligagullet glapp for hans kjære Manchester United rett før avspark på Fosshaugane. Etterpå hevda han hardnakka at dette ikkje påverka innsatsen mot Viking.

– Nei, det plaga meg ikkje i det heile teke. Det hadde vore mykje viktigare å få tre poeng her, enn seriegull i England, sa ein skuffa Hopen etter kampen.