Hopp til innhold

Sogndal tapte 3 - 1 mot Hønefoss, eliteseriespel blir avgjort i siste serierunde

– Dette vart ikkje som tenkt, seier ein skuffa assistenttrenar Tom Mangersnes etter at Sogndal tapte 3 – 1 mot Hønefoss på bortebane. No må Sogndal avgjere på heimebane mot Ålesund.

Valsvik

TAP: Gustav Valsvik og Sogndal tapte 3–1 over Hønefoss og får ikkje avgjort om det blir eliteseriespel før i siste serierunde.

Foto: Snæland, Alf Vidar / NTB scanpix

Sogndal tapte på bortebane. Hønefoss vann 3 – 1 over Sogndal. Hadde Sogndal vunne i kveld hadde laget vore sikra spel i eliteserien også til neste år.

– Eg er først og fremst skuffa over at vi ikkje presterer betre i dag. Vi venta at dei ville gå i strupen på oss og vi rei det av i første omgang, og vi gjekk til pause med ei god kjensle.

– Ikkje gode nok

– Vi byrjar også andre omgang bra. Heng godt saman som lag, og unngår det trøkket vi hadde venta. Men så ramlar det to skåringar mot oss ut av ingenting. Vi kjem tilbake med ei praktskåring av Magnus Stamnestrø. Men så får vi eit mål til mot oss, og då var vi rett og slett ikkje gode nok i dag.

Stamnestrø stilte til kampen som innbytar men kom på bana i det 45-minutt då Taijo Teniste vart bytta ut.

– Vi klarte ikkje heilt å komme opp på det energinivået som krevst i forhold til å vinne denne typen kampar. Særleg når vi kjem under. Så vi er skuffa over det.

– Vi må samle oss og ha ei god veke. Vi er framleis i den situasjonen at vi avgjer dette eitt hundre prosent sjølve inn mot neste helg.

Må avgjere på heimebane

Dermed held spenninga seg heilt til siste runde for kva divisjon Sogndal spelar i neste år. Og motstandaren er ingen ringare enn sjølvaste Ålesund.

– Ålesund kjem til Fosshaugane. Vi sit i førarsetet sjølv og bestemmer vår eigen skjebne. Og då må vi vere gode nok.

– Vi må jobbe godt denne veka, gå gjennom denne kampen og samtale med kvar spelar og analysere Ålesund. Så skal vi bygge opp eit veldig trøkk som skal kulminere i at vi sikrar plassen i eliteserien heime mot Ålesund.

Kvalifiseringsplass er det verste

– Det er berre å oppmode alle som heiar på Sogndal om å komme på kampen mot Ålesund og heie fram fylkets eliteserielag!

Førebels vil ikkje Mangersnes høyre snakk om kvalifiseringskampar.

–Situasjonen er at det er det verste som kan skje. Det er den verste utgangen som kan skje. Men dette styrer vi sjølv.