Hopp til innhold

Stortap for Sogndal på Marienlyst

Det vart det fyrste tapet for Sogndal i Eliteserien så langt i år. Strømsgodset vart for sterke og vann til slutt kampen 3–0.

Stortap for Sogndal

STORTAP: Det enda med 3–0 tap for Sogndal mot Strømsgodset. Her jublar Alexander Aas etter å ha scora 2–0 målet til Godset.

Foto: Grøtt, Vegard / NTB scanpix

Heilt ifrå start hadde Strømsgodset presset oppe og dei fekk sin fyrste målsjanse etter 22 minutt då Kovacs på Strømsgodset kom seg forbi sogndalskeeper Udjus.

Fyrste baklengsmål på bortebane

Sogndal hadde ikkje før kampen i dag har slept inn eit einaste mål på bortebane så langt i eliteserien, etter 42 minutt skulle det bli forandring på det.

Sogndal fekk ikkje klarert eit innlegg frå Strømsgodset og Alfred Sankoh styrte ballen i mål.

Strømsgodset heldt presset oppe

Også i andre omgang var det Strømsgodset som var dominerande. Berre tre minutt ut i andre omgang fekk dei ein ny målsjanse, men den vart redda av ein vaken Kenneth Udjus.

Berre minuttet seinare er Godset igjen framfor målet og denne gongen går ballen i mål, men assistentdommaren har flagget oppe og målet vert annullert.

Det skulle gå heile 54 minutt av kampen før Sogndal fekk sin fyrste målsjanse, men skotet frå Brockmann går rett på Strømsgodset sin keeper som reddar til corner. Ikkje mange minutta seinare dundrar Alexander Aas inn 2–0 målet til Strømsgodset.

Flo bytta mot Flo

Ulrik Flo som før kampen gav klar beskjed til sin onkel og sportssjef på Strømsgodset, Jostein Flo, om at han var på feil lag, vart til slutt sjølv bytta ut av ein annan onkel. Etter 80 minutt kom nemleg Tore André Flo inn på bana utan at det såg ut til å hjelpe.

Minuttet seinare scorte Adama Diomande det tredje målet for Strømsgodset og kampen enda 3–0 til heimelaget.

NRK kjem attende med meir.