Hopp til innhold

Sogndal-spelar etterforska for valdtekt

Ein Sogndal-spelar blir etterforska for ei mogleg valdtekt i Stockholm natt til laurdag.

– Eg kan stadfeste at det gjeld Sogndal, og at det framfor alt er ei veldig trist sak. Dette er no ei politisak og vi skal sjølvsagt bistå dei i arbeidet. Utover det har vi ikkje høve til å kommentere saka ytterlegare, seier dagleg leiar i Sogndal Fotball, Egil Mundal, til NRK Sogn og Fjordane.

– Kva gjere de no for å verne om den aktuelle spelaren?

– Vi ønskjer ikkje å gå meir i detaljar om saka på det noverande tidspunktet.

Skal ha skjedd på hotell

Svenske medier har slått saka stort opp, og politiet stadfestar at dei granskar saka, og at den blir overført til avdelinga for grove brotsverk.

Den påståtte valdtekta skal ha skjedd på HTL-hotellet i Kungsgatan i Stockholm sentrum.

– Ja, ei kvinne melde om ei valdtekt på eit hotell. Vi har gjort fleire avhøyr, men ingen er teken i arrest, seier Kjell Lindgren ved Stockholmspolisen til NRK.

Vil ha fleire avhøyr

Hendinga skjedde natt til laurdag, og vart meld til politiet dagen etter.

– Det blir fleire avhøyr, og vi undersøker også om det kan finnast tekniske bevis som til dømes videoovervaking, seier Lindgren til NRK.

Ifølgje fleire svenske medier skal kvinna som har meld den moglege valdtekta ha møtt ein av Sogndal-spelarane via ein datingapp.