Hopp til innhold

Sogndal slo Stabæk

Kampen mellom Sogndal og Stabæk på Nadderud i kveld enda 0–1 og siger til bortelaget Sogndal. Det er den sjuande strake kampen utan tap for sogningane.

jubel

JUBEL: Sogndal-spelarane var godt nøgde med å starte andre halvdel av sesongen med ein siger

Foto: Grøtt, Vegard Wivestad / NTB scanpix

Laster innhold, vennligst vent..

– Det er godt å kome i gong etter pausen med ein siger. Også har vi hatt mange uavgjortkampar, så då er det deilig å klare å tippe det i vår favør endeleg, seier Sogndal-trenar Eirik Bakke.

– Ja, for no har de sju kampar på rad der de ikkje har tapt?

– Ja, det er best du ikkje seier det, så det ikkje kjem fram. Vi er inne i ein god flyt no, men det kan fort snu om ein ikkje jobbar kvar kamp.

Det var ein jamn kamp på Nadderud, der ingen av laga imponerte stort. Begge verka rustne etter ferien, men det var likevel Sogndal som skapte mest i begge omgangar.

heading

TØFF KAMP: det var ein jamn og tøff kamp på Nadderud

Foto: Grøtt, Vegard Wivestad / NTB scanpix

Bakke er særleg godt nøgd med at laget hans vinn over eit lag som er bak dei på tabellen.

– Det er ein viktig siger med den plasseringa vi har no, men det som imponerer meg mest med det laget vi har no er at vi spelar på vår eigen måten og tek tak i kampen uansett kven vi møter. Det er ein uredd gjeng som var utpå der i dag.

Stabæk hadde nesten ingen sjansar, og mangla fart i spelet store delar av kampen. Sogndal på si side sløste veldig mange sjansar. Takka vere ei scoring av ghanesiske Mahatma Otoo kom laget ifrå saftbygda likevel frå det med tre poeng.

otoo

NØGD: Otoo sikra sigeren for sogningane med sin scoring

Foto: Grøtt, Vegard Wivestad / NTB scanpix

Den gode flyten sogningane no er inne i gjer at klatrar forbi Lillestrøm på tabellen, og går opp på ein niandeplass med 18 poeng.

Sogndal dominerte og på andre måtar. Dei pådrog seg heile fire gule kort i løpet av kampen, og alle fire kom i løpet av ein halvtime.