Hopp til innhold

Olsson etter eliteserie-exiten: «Det känns rent förjävligt»

SOGNDAL (NRK.no): No er han på veg heim, svenske Jonas Olsson som hadde ein våt draum om å leia Sogndal til sin femte strake sesong i eliteserien. I staden vart det våte tårer og nedrykk til ein heilt annan liga.

Jonas Olsson om kampen og tapet mot Stabæk.

FRYKTELEG TRIST: Ein svært skuffa og trist Jonas Olsson måtte forklare seg for media etter tapet mot Stabæk. Foto / redigering: Heidi Lise Bakke

– Det var det, og det er naturlegvis veldig trist. Det gjer vondt langt inne i hjartet. Det er «jättetrist» å forlate Sogndal no, men samstundes så har vi kjempa. Vi kunne sett ein rekord, men det gjorde vi ikkje, seier Jonas Olsson til NRK etter kampen mot Stabæk.

Det som kunne blitt eit halmstrå om vidare eliteseriespel, blei i staden ein kollektiv depresjon då Stabæk skåra etter 86 minuttar. Lufta gjekk ut av eliteserieballongen, fire sesongar i toppserien er over. No ventar 1. divisjon 2015.

– Vi rykte ned, og det har eg aldri vore med på tidlegare, verken som spelar eller trenar. «Det kjäns rent förjävligt», seier Olsson.

Han hadde vona om å bli den trenaren som greidde å halde Sogndal i toppen lengst. Den som for alltid ville stå med gullskrift i historiebøkene som ein gong skal skrivast. I staden blei det tangering av tidlegare rekord, fire sesongar på rad.

Reiser heim att til Sverige

No reiser Jonas Olsson heim til Göteborg. Kva han skal drive med der bortsett frå å ha tilbringe meir tid med familien veit han rett og slett ikkje

Og søndag kveld var det rett og slett for trist, for mange vonde kjensler til å tenkje på framtida.

– Vi har hatt mange kampar, der vi har vore det laget som har trykt på og laga sjansar, men ikkje skåra mål. Det har vore ein lang sesong der vi har skifta ut mange spelarar, og vi har prøvd å gjere det beste vi kan med det vi har hatt. Etter 30 kampar så har ein dei poenga ein fortener.

Ulrik Flo etter kampen mot Stabæk

KNALLTØFT: Ulrik Flo har stått last og brast med laget, og lovar at han ikkje gir seg, sjølv om det no blei nedrykk. Foto / redigering: Heidi Lise Bakke

Kjenslene tek overhand

Ut av garderoben kjem den eine triste spelaren etter den andre. Nokre går rett forbi dei ventande journalistane, andre tek tida til å snakke om kjenslene sine. Dei er sterke ein slik kveld i november.

– Det er trist, det er veldig trist og tungt, men det som gjer det litt lettare er at det var fortent. Vi høyrer heime i 1. divisjon akkurat no. Slik er det, seier Ulrik Flo.

Stryningen som har gjort sogning av seg, og som ikkje har tenkt å flytte sjølv om det no blei nedrykk. Han var med på opprykket i 2010, no blir han med ned att i 1. divisjon.

Tårene trilla for laget

– Vi tar tapt kampar der vi har vore best, vi skårar sjølvmål som avgjer kampane i motstandaren sin favør. Og når ein summerer opp, så lukta det nedrykk, seier Ulrik og går vidare.

Utanfor stengsla mellom journalistane og fotballspelarane står ei ung jente. Tårene renn, laget hennar har rykt ned.

– Du spilte kjempebra, smiler jenta mellom tårene

– Takk, seier Ulrik og gjev jenta ein klem.

Vel vitande om at det er mørkt i november, men at våren kjem og at fotballen framleis er trillande rund.

Laster innhold, vennligst vent..