Hopp til innhold

Sogndal rota vekk tomålsleiing mot botnlaget

SOGNDAL (NRK): Alle trudde Christophe Psyche sine to scoringar skulle gi Sogndal full poengfangst. Men effektive Start ville det annleis.

Ole Amund Sveen kom nærme mål

NÆRME: Så nærme var Ole Amund Sveen å gje Sogndal 3-1.

Foto: Christian Blom / NTB Scanpix

Franskmannen scora mål i begge omgangane. Og begge på corner.

Likevel var det ein skuffa 27-åring som vart intervjua av TV2 etter kampen.

– Vi scorar mål, men legg oss lågt. Det blir lite press og det er ikkje bra. Det blir eit problem for oss, sa Christophe Psyche.

Årets første mål

Sogndal opna kampen best og fekk etter ti minuttar opninga dei ynskte og håpa på, då Psyche var sist på ein corner.

Laster innhold, vennligst vent..

– Det kjennes godt. Det er første målet for meg i år og det første i kampen, så det er ei god kjensle, sa Christophe Psyche til TV2 i pausen.

Framfor 2 770 tilskodarar produserte Sogndal fleire sjansar, som burde resultert i mål. I staden spelte gjestene frå Sørlandet seg meir med siste kvarteret.

26 utan siger

Laga gjekk til pause med 1-0 til Sogndal.

– Det er ein kamp med mykje duellar, kriging og begge lag har sjansar til å score mål. Vi manglar litt på intensiteten når vi går i angrep, men det er ikkje umogleg dette, sa Start-spelar Rolf Daniel Vikstøl til TV2 då laga gjekk til pause.

Lurte av tomålshelten

Sogndal heldt fram å dominere etter kvilen. Etter 53 minuttar stanga Psyche inn si andre scoring for kvelden. Minuttet etter fekk Mahatma Otoo ei avslutning redda på streken.

I staden reduserte Alexander Ray De John då, også han på corner, stanga inn redusering etter 62 minuttar.

Ni minuttar før full tid lurte innbyttar Espen Hoff av tomålsscorar Psyche, før han iskaldt sette inn utlikninga.

– Det heldt til eitt poeng, men vi skulle hatt tre. Vi er nøgde med at vi kjem tilbake, men skuffa over at vi ikkje får tre poeng, sa Hoff til TV2 etter kampen.

Kunne avgjort

Tre minuttar før slutt kunne Rune Bolseth blitt heimelagets store helt. Men frå sju meter breisida han ballen over.

På overtid kunne Lars-Jørgen Salvesen blitt ein like stor helt for gjestene, men Sogndal-keeper Mathias Dyngeland fekk slått ballen over mål.

– All honnør til Start. Dei køyrde på og gav alt på slutten. Vi får som fortent, både eg som trenar og spelarane, sa Sogndal-trenar Eirik Bakke og vedgjekk å ha gjort rokkeringar som slo uheldig ut.

Start-trenar Steinar Pedersen var både nøgd og misnøgd med 2-2. Start er utan siger på 27 seriekampar.

– Eg tykkjer vi fortener å få med oss poeng i dag. Gutane viser sterk moral når dei kjem tilbake frå 2-0. No har vi spelt nok uavgjort. Eg føler vi fortener meir, men det kjem ikkje av seg sjølv, sa han til TV2 etter kampen.

Laster innhold, vennligst vent..