Hopp til innhold

Sogndal lukkast ikkje lenger

Rolf Navarsete og Yngve Hallen lyt snart ta innover seg at dei har skapt ein organisasjon der nesten ingen lukkast med det dei driv med. Det meiner Sogndal-kommentator Arve Uglum etter at nok ein person har forlate det sportslege apparatet i Sogndal Fotball.

Arve Uglum

Arve Uglum

Foto: Brit Jorunn Svanes / NRK

Det betyr ingenting frå eller til at Anders Giske no pakkar det vesle han måtte ha teke med seg av eigendelar til Sogndal og reiser heim til Bergen. Der han for så vidt har budd heile tida. Problema til Sogndal var store før han kom, og dei er der framleis. Anders Giske var ikkje løysinga, men han var heller aldri sjølve problemet.

Difor ligg det og duppar i grenselandet mellom fortent og ufortent at Giske har vorte den siste i rekka av Sogndals-syndebukkar. Både eksternt og internt. Han har vore såpass handlingslamma at det er lite å sakna no som han er vekk, men å tru at klubben no skal bli friskmeld blir som å venta på julenissen godt uti januar.

Mange spørsmål

For eitt eller anna er det som gjer at Svein Bakke, Jan Halvor Halvorsen, Trond Fylling, Stig Nord, Anders Giske og på ein del måtar Karl Oskar Emberland har mislukkast så til dei grader dei siste åra. Enten har nokon gjort ein tabbe ved å gje dei jobb i det heile, elles så er det eitt eller anna veldig, veldig gale i Sogndal-organisasjonen som gjer at ingen får til det dei set seg føre. Uklåre kommandolinjer, kanskje? Rammevilkår som varierar stort frå dag til dag? Kanskje. Dette er ikkje svar - det er spørsmål som ein stiller seg når ein har fått kviskra så mykje i øyrene som ein blir når ein er journalist har kontor på Fosshaugane Campus.

Dei einaste som eigentleg har fått til noko vidare dei siste åra er dei to på toppen. Styreleiar Rolf Navarsete og dagleg leiar Yngve Hallen. Dei har bygt stadion, og det har dei fått til sjølv om alle sa det ikkje kom til å gå. Det er sikkert godt jobba - men kvifor går alt anna i organisasjonen desse to styrer gale?

Sei di meining   Kvifor lukkast ingen i Sogndal sitt sportslege apparat ?

Sjølvdestruktiv organisasjon

For det meste går gale - det er det ingen grunn til å tvila på. Avstanden til dei beste i 1. divisjon veks for kvart år, og slik overgangsmarknaden har arta seg så langt er det ein tendens som nok vil halda fram i 2008. Spesielt no som det er klart at den sportslege leiaren ikkje vil bli erstatta av andre enn folk som alt er i organisasjonen. Ein kunne hatt eit fattig håp om at dei i det minste hadde kosta støvet av Trond Fylling. Ein kar som, så lenge han ikkje er hovudtrenar, har dokumentert at han er i stand til å leva med og prestera i, den sjølvdestruktive organisasjonen som Sogndal Fotball framstår som.

No håpar eg at berre mediekritikken - for ein fattig gong si skuld - ikkje resulterer i at den eller dei som blir råka i neste augeblink er på full fart vekk frå Sogndal. For ein gongs skuld hadde det vore fint om dei som har ansvaret set seg ned og tenker nøye gjennom kva dei kan gjera for at andre skal lukkast.