Hopp til innhold

Sogndal lovar å slåss for poenga

No er det berre timar igjen til avspark i toppoppgjeret mellom Sogndal og Strømsgodset. Du kan følgje kampen minutt for minutt.

Terje Skjeldestad

TRUR PÅ POENG: Assistenttrenar Terje Skjeldestad håper å slå Strømsgodset på bortebane for første gong på eliteserienivå.

Foto: Oddleif Løset / NRK

Assistent- og keepertrenar Terje Skjeldestad lovar å gi Drammens-laget hard motstand.

– Vi har aldri slått Strømsgodset borte i eliteserien før, så no er det på tide, seier han.

Etter sigeren mot Stabæk fredag, er det Rosenborg som ligg på topp på tabellen med 15 poeng på sju kampar. Like bak ligg Strømsgodset med 13 poeng og Sogndal med 12 poeng på seks kampar.

Godt budde føre kampen

Sogndal har lagt bak seg det overraskande cuptapet mot 3. divisjonslaget Florø 1. mai. No ser dei framover og Skjeldestad seier dei ligg godt an føre dagens kamp. Dei trena i dag tidleg og føler seg godt budde.

– Vi er klare til å slåss for poenga på Marienlyst stadion i ettermiddag.

Keeper Kenneth Udjus har ikkje sleppt inn mål på bortebane i serien så langt i år. Skjeldestad seier det er ein styrke og ein ballast å ha med seg.

– Eller fokuserer vi ikkje så mykje på dette. Vi er innstilte på å gjere jobbben, alle saman.

«Alle for ein»

Han seier at det som har gitt resultat så langt i år, er at dei har stått samla som lag.

– Vi har ei «alle for ein»-kjensle og føler oss kjempesamla. Det gjeld både dei 11 som er på bana og dei som er på benken.

Troppen er som sist seriekamp, minus Henrik Furebotn som må sto over på grunn av tre gule kort. Laget er enno ikkje teke ut.

– Vi skal ha spelarmøte snart, så laget er nok ikkje klart før kvart på fem, trur han.