Hopp til innhold

Sogndal-logoen på frimerke

Om det har blitt nokre tap på fotballbana i det siste, så kunne Sogndal Fotball i dag noteter seg for ein liten triumf: Logoen til klubben er komen på frimerke.

Bjørg Dalaker med Sogndal-frimerke

NO OG PÅ FRIMERKE: Bjørg Dalaker syner fram frimerka med Sogndal Fotball-logo.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

Sogndal fotball-frimerke
Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

For frå i dag kan folk få kjøpe frimerke med logoen til laget som til no har gjort nedrykkstipsa til skamme, fortel Bjørg Dalaker, som er leiar for Posten i Sogndal.

– Det er Posten som har funne ut at når Sogndal er i eliteserien så vil vi gjere ein liten gimmick og gje ut frimerke med logoen til Sogndal Fotball.

– Dette er vel stas?

– Ja, dette er stas. Eg håpar det blir kjempepopulært. Det må vere kjekt å få sende brev med Sogndal-frimerke rundt om i landet.

– Dette kan vel bli eit samleobjekt og?

– Det kan det absolutt!