Sogndal får nytt hotell

Ein av dei største forretningsbygningane i Sogndal, Flåtengården, står utan leigetakarar etter at høgskulen flytta deler av aktivieten sin til Fosshaugane Campus.

Eigar av Flåtengården, Erik Flåten, vil no i staden byggje 15 husvere i dei to øvste etasjane i bygget.

I tillegg tenkjer han seg omlag 20 hotellrom i midtre del av bygningen.

Sogndal kommune har enno ikkje godkjent planane.

Fylkesveg 242 mellom Skjerdal og Aurlandsvangen er stengd etter at det gjekk eit stort steinras og fleire mindre jordskred nedover elva Volda i dag tidleg.
Kameratane Tore Høgalmen (18, Ole Martin Flatjord (18) og Eirik Hellerud (19) har gjort sitt for å markere nasjonaldagen. For andre året på rad har dei pynta fjellet over Gloppefjorden i Sogn og Fjordane i dei norske fargane.
I dag blei den siste biten av det ferjefrie vegsambandet frå Bremangerlandet til Svelgen opna. Og frå i dag er turen inn til kommunesenteret 4 mil kortare enn før og skjer tvers gjennom den vesle bygda Bortnen.