Hopp til innhold

Sogndal vil bestemme seg raskt - fleire vil ha Psyché

Allereie i ettermiddag kan Sogndal Fotball gå i forhandling med HamKam-stoppar Christophe Psyché. – Det er ein god midtstoppar som har gjort solid inntrykk på oss, seier assistenttrenar Tom Mangersnes.

Christophe Psyché

AKTUELL: Christophe Psyché, her for Kristiansund mot HamKam, gjorde eit godt inntrykk på det sportslege apparatet i Sogndal i dag.

Foto: Celina Christoffersen

Franskmannen viste gode takter då han for andre gong viste seg fram for trenarteamet i Sogndal i dag.

Eliteserielaget jaktar nye forsvarsspelarar etter at Azar Karadas og Gustav Valsvik reiste til høvesvis Brann og Strømsgodset. Christophe Psyché kan vere ein.

– Han har stor rekkevidd, er ein stor spelar og har stor fart. Dei to tinga gjer han interessant i høve til å komplimentere dei spelarane vi har i det bakre leddet no, seier assistenttrenar Tom Mangersnes.

Rask avgjerd

Den 1,89 meter høge midtstopparen viste seg også i førre veke fram for Sogndal, men etter berre ei treningsøkt reiste han heim med skade. Difor ville Mangersnes og trenar Jonas Olsson sjå nærare på Psyché denne veka.

I ettermiddag skal også det medisinske apparatet i Sogndal sjå nærare på spelaren som fyller 26 år over helga. Så skal klubben bestemme seg.

Assistenttrenar for Sogndal, Tom Mangersnes

VURDERER: Tom Mangersnes og resten av den sportslege leiinga i Sogndal er nøgde med det dei har sett av Christophe Psyché.

Foto: Arne Stubhaug

– Om det blir i ettermiddag, kveld eller føremiddag i morgon er litt tidleg å seie, men noko lenger enn det kan vi ikkje vurdere denne spelaren. Då må vi eventuelt gå vidare med andre, seier Mangersnes.

Fleire interessentar

Assistenttrenaren er klar på at dei må bestemme seg raskt om dei vil hente midtstopparen som så langt i år står med 14 kampar for «Kamma».

Sogndal har også hatt Sandefjords tidlegare Brann-spelar, Yaw Amankwah, i kikerten .

– Vi har respekt for at spelaren framleis har HamKam som arbeidsgjevar. Som oss har dei kamp på søndag, men vi veit også at det har kome fleire førespurnader frå andre klubbar på spelaren, seier Mangersnes.

Dialog i kveld?

Christophe Psyché

HÅPAR: – Eg håpar på kontrakt med Sogndal no, sa Christophe Psyché til Hamar Arbeiderblad.

Foto: Hamkam

Assistenttrenaren i Sogndal kjenner godt til franskmannen frå før. Psyché spelte under Mangersnes i Løv-Ham i 2011. Då klubben gjekk konkurs reiste midtstopparen til Kristiansund og var med på å spele dei opp i 1. divisjon.

Før årets sesong henta eit opprykksjagande HamKam 25-åringen til Briskeby og Hamar. Sidan har hedmarkingane fått store finansielle problem og må kvitte seg med spelarar.

– Om vi kjem dit at det blir dialog med spelaren, så startar vi den i kveld eller i morgon, seier assistenttrenaren.

Ny spelar før helga

– Vi er i ein situasjon der vi treng ein eller to spelarar. Vi veit haustsesongen alltid blir intens, difor må vi også vite at dette er ein spelar som kan tilføre Sogndal noko. Han kan vere ein som kan gå inn og styrke troppen vår, seier Mangersnes.

Søndag tek Sogndal i mot eit Odd Grenland-lag som er med i medaljestriden.

– Vi har sagt at vi har eit rettkome håp og tru om å styrke troppen allereie før kampen til helga. Så får vi sjå kva som skjer. Men det skal vere rett for klubben, det skal vere rette ferdigheiter og skal komplimentere det vi har frå før, avsluttar han.

Laster innhold, vennligst vent..