Hopp til innhold

Sogndal berga livsviktig poeng mot Aalesund

SOGNDAL (NRK.no): Både Ulrik Flo og Rune Bolseth måtte starte på benken i kampen mot Aalesund. Dermed var ingen frå Sogn og Fjordane med i startoppstillinga. Kampen enda med eit livsviktig poeng til Sogdal.

Grytebust Otoo

MAHATMA FRÅ START: Mahatma Otoo i duell med AaFK-målvakt Stein Grytebust.

Foto: Snæland, Alf Vidar / NTB scanpix

Laster innhold, vennligst vent..
  • Etter 53 minutt utlikna Sogndal til 1-1 ved Christophe Psyche. Det resultatet heldt seg gjennom kampen

Truleg for første gong i historia, så var det ingen frå Sogn og Fjordane i startoppstillinga då dommaren blåste i gang kampen på Fosshaugane søndag kveld. I 2. omgang har både Bolseth og Flo kome inn.Mahatma Otoo og Edward Ofere fekk sjansen på topp for Sogndal i kampen mot Aalesund søndag kveld. Sistnemnde fekk gult kort før halvspelt 1. omgang.

Dermed hamna stryningen Ulrik Flo i den posisjonen han hatar mest, nemleg reservebenken. Sist han blei benka frå start tente det ikkje berre ein gnist, men ein heil eld i nordfjordingen. Kanskje skjer det same i kveld mot poengsugne sunnmøringar.

Dermed er det ingen frå fylket med i startoppstillinga, truleg for første gong i historia til Sogndal Fotball.

Lagkamerat, den danske midtbane-terrieren Tonny Brochmann, var blant dei første Sogndal-spelarane som kom til garderoben på Fosshaugane campus søndag. Han er innbitt på at det må bli siger mot AaFK.

– Vi tek dette som kva som helst kamp. Vi skal ut og spele vårt spel, og ha med oss dei tre poenga. Skårar vi på sjansane våre, så vinn vi kampen, seier Brochmann.

– Eg veit at vi kan

Sogndal treng alle tre poenga mot AaFK for å klare å halde følgje med laga framfor seg, men også sunnmøringane er i poengnaud. Gjerne då ikkje så rart at Brochmann innrømmer ein viss nervøsitet.

– Den sit jo litt innvendig før kampen, men så snart vi gå ut på bana så forsvinn nervøsiteten og ein blir fullt fokusert på det det handlar om, sler Brochmann fast.

– Men kva tenkjer du om at Sogndal no er midt i nedrykksstriden?

– Eg har heilt klart trua på at Sogndal kan overleve i eliteserien. Eg veit at vi kan, og det er berre opp til oss sjølv.

Sidan 12. juni har Sogndal kun klart å karre til seg to fattige poeng. Men laget har vore på høgde spelemessig i dei fleste kampane, og fire av kampane har enda med eittmålstap.

Tonny Brochmann før kampen

– Må tenkje på prestasjon

Vi tek dette som ein hvilken som helst kamp. Vi skal ut og spele vårt spel, og ha med oss dei tre poenga

Tonny Brochmann

På veg inn i garderoben no i ettermiddag forsikrar lagkaptein Rune Bolseth at han har nervane under kontroll før den uhyre viktige kampen mot Aalesund.

– Vi fokuserer på det vi skal gjere, vi skal angripe og vinne.Vi kan ikkje byrje å tenkje på korleis andre lag gjer det. Vi må tenkje på prestasjonen vår og prestasjonen til kvar einskild utøvar. Då vinn vi, meiner Bolseth.

Sogndal startar i kveld med Ulrik Flo på benken, og med Edward Ofere og Mahatma Otoo på topp. Mathias Dyngeland har fått fornya tillit mellom stengene, medan ein spelesugen Kenneth Udjus må slite benken.

Rune Bolseth før kampen mot Aalesund FK
Laster innhold, vennligst vent..