Hopp til innhold

Sogn rører seg med sniglefart

LEIKANGER (NRK): Balestrandsordføraren pressar på for å få ein intensjonsavtale for ein storkommune i indre Sogn. Men det er ikkje Vik, Sogndal og Leikanger klare for.

Politikarane i Sogn

SMIL, MEN LITE FRAMDRIFT: Dei fremste politikarane i Leikanger, Sogndal, Balestrand og Vik fekk ikkje fart på kommunesamanslåingsarbeidet i indre Sogn, i eit møte på Leikanger i går.

Foto: Noralv Pedersen / NRK

I Sunnfjord, Hafs-regionen og ytre Sogn skal til saman 12 kommunar ta stilling til intensjonsavtalar for ulike storkommunealternativ før sommaren. Men på eit møte i Leikanger i går makta ikkje Vik, Balestrand, Leikanger og Sogndal å bli samde om noko tilsvarande, sjølv om ordførar Harald Offerdal (Ap) i Balestrand pressa hardt på.

– Det kan vera greitt å allereie no sjå på innhaldet i ein intensjonsavtale, og slik at eit utkast kan vera klart til september, meiner Offerdal.

Ventar på Luster

I Sunnfjord og Hafs-regionen har ni kommunar, Gloppen inkludert, skrive under ein slik intensjonsavtale om å slå seg saman til storkommunen Firda. Ein tilsvarande avtale for Balestrand, Høyanger og Hyllestad skal opp i dei tre kommunestyra allereie i juni.

Men forslaget til Offerdal om å skunda fram prosessen i indre Sogn fall på steingrunn i møtet tysdag. Spesielt rådmannen og ordføraren i Sogndal argumenterte for å venta til etter valet, mellom anna i eit håp om å få med kommunar som Luster.

Sogndal-ordførar Jarle Aarvoll

VIL VENTA PÅ LUSTER: - Å få med Luster vil kunna styrkja næringslivet og indre Sogn som bu- og arbeidsmarknadsregion, seier Sogndal-ordførar Jarle Aarvoll.

Foto: Noralv Pedersen / NRK

– Eg trur at når valet er over, vil me alle seinka skuldrene, og fleire kommunar vil kunna sitja rundt bordet. Då vil me òg ha eit tydelegare utfordringsbilete gjennom den venta utgreiingsrapporten frå Telemarksforsking, og gjennom den kunnskapen me har sjølv, seier ordførar Jarle Aarvoll (Ap) i Sogndal.

Det konkrete: ein framdriftsplan

Det handfaste som kom ut av kommunesamanslåingsmøtet i Leikanger, er at rådmennene i Balestrand, Leikanger, Sogndal og Vik skal laga ein framdriftsplan for ein intensjonsavtale. Men til og med det sat langt inne for Offerdal å få gjennomslag for.

– Eg var oppteken av at det skulle koma noko konkret ut av dette møtet, og difor pressa eg på, seier Offerdal.

– Kva tykkjer du om at du måtte pressa på for i det heile teke få på plass ein framdriftsplan?

– Det har eg ikkje nokon kommentar til.

Harald Offerdal, ordførar i Balestrand

IKKJE GJENNOMSLAG: Balestrand-ordførar Harald Offerdal vil ha Vik, Leikanger og Sogndal med på ein intensjonsavtale for ein storkommune i Sogn.

Foto: Noralv Pedersen / NRK

Skuffa over Luster

Ein grunn til den avventande haldninga er at spesielt Sogndal gjerne vil ha med seg kraftkommune og nabo i aust, Luster, i ein eventuell storkommune. Men i Luster er motstanden mot kommunesamanslåing sterk, og ordførar Ivar Kvalen (Sp) hadde difor takka nei til å vera med på sonderingsmøtet på Syrstrond i går.

– Det er skuffande og dumt at Luster ikkje er med. Eg hadde håpa at dei kunne vera med å i det minste drøfta og tenkja høgt, seier ordførar Olav Lunden (Ap) i Leikanger.

Lunden har lenge vore kritisk til at kommunereformarbeidet i Sogn har gått for sakt. Difor tok han og Harald Offerdal initiativ til møtet.

Vik ser mot Bergen

Heller ikkje delegasjonen frå Vik pressa på for å få fortgang i kommunesamanslåingsarbeidet i midtre og indre Sogn. For fire veker sidan blei Vik samde med Aurland og Voss om å greia ut storkommune.

Sjølv om vikjene også ser sørover mot Voss, presiserte rådmann Oddbjørn Ese at Sogn-alternativet er like aktuelt som før.

For ordførar Marta Finden Halset (Ap) er det like fullt avgjerande å knyta seg tettare opp mot Bergen-området, som opplever sterk vekst:

Ordførar i Vik, Marta Finden Halset

SER TIL VOSS OG BERGEN: - Men det lukkar ikkje ute eit samarbeid og ein debatt om Sogn-alternativet. Kanskje burde Sogn òg sjå mot Bergen, spør Vik-ordførar Marta Finden Halset.

Foto: Noralv Pedersen / NRK

– Bergen er Vestlandet sin hovudstad, så eg ser det heilt naturleg at Vik ser vestover mot Bergens-regionen. Men det lukkar ikkje ute eit samarbeid og ein debatt om Sogn-alternativet. Kanskje burde sognekommunane også sjå mot Bergen?

Hektisk vinter og vår

Dei fire kommunane ventar med andre ord på utgreiinga som Sogn regionråd arbeider med. Regionrådet har gitt Telemarksforsking i oppdrag å greia ut ei samanslåing av alle dei ni regionrådskommunane, samt to andre alternativ, som rådet vil ta stilling til etter sommarferien.

Telemarksforsking skal levera ein faktarapport 1. juni, og innan 1. oktober kjem ein førebels rapport med ulike utfordringar som samanslåing vil innebera. 30. oktober er det planlagt eit felles formannskapsmøte for alle dei ni kommunane.

Med den framdriftsplanen som kvartetten i går blei samde om, vil kommunane i Sogn få det travelt på etterjulsvinteren. Fristen for kommunane å fatta eit endeleg vedtak er sommaren 2016.

– Trør ikkje vatnet

Før møtet i Leikanger hadde Lærdal signalisert at dei ønskte å bli med i vidare samtalar om ein storkommune i Sogn. Sjølv om kommunane i Sunnfjord, Hafs og ytre Sogn er komne lenger i reformarbeidet enn indresogningane, avviser Leikanger-ordførar Olav Lunden av dei bevisst trør vatnet til etter lokalvalet.

Olav Lunden om storkommune

IVRAR FOR STOR-SOGN: Ein storkommune i Sogn vil vera avgjerande for å skaffa regionen fleire kompetansearbeidsplassar, meiner Leikanger-ordførar Olav Lunden.

Foto: Noralv Pedersen / NRK

– Dette møtet vil bli referert i kommunestyremøta i juni, og der vil me få ei tilbakemelding på om dette er den rette framdriftsplanen eller ikkje, seier Lunden.