Hopp til innhold

Sogn og Fjordane politidistrikt er historie

Sogn og Fjordane og Hordaland blir til eitt politidistrikt. Tillitsvalde skjønar lite, og lokal Ap-politikarar fortvilar over eige parti.

Enighet om nærpolitireformen

HISTORIE: Sogn og Fjordane politidistrikt blir slått saman med Hordaland. Det skuffar tillitsvalde i begge fylke, seier Kjetil Drange.

Foto: Ruud, Vidar / NTB scanpix

Regjeringa, KrF, Venstre og Arbeidarpartiet la i dag fram politireforma, som dei har blitt samde om etter forhandlingane i vår.

– Dette er inga overrasking. Vi tar det til etterretning, men eg må få lese meg litt opp på kva dette inneber, seier leiar i Politiets Fellesforbund i Sogn og Fjordane, Kjetil Drange, frå ein flyplass i Venezia.

Dei har vore for ein fylkesmodell, der Sogn og Fjordane fekk halde fram som eige distrikt.

– Vi får berre registrere at våre politikarar i Sogn og Fjordane og Hordaland ikkje har blitt høyrt, heller ikkje dei røystene som har stilt spørsmål om kvifor ein vil slå seg saman når vi har gode resultat som små, seier ein skuffa Drange.

– Bergen vil heller ikkje ha samanslåinga

Drange seier han har fått signal frå Hordaland som tyder på at ikkje alle der forstår kvifor dei to distrikta no blir det nye «Vest».

– Eg har jo hatt mykje dialog med lokallagsleiaren i Bergen. Heller ikkje han klarar å sjå at det vert betre når vi vert større på bakgrunn av strukturendringane, hevdar Drange.

Også for enkelte spørsmål nord i det nye distriktet, forstår leiaren lite av tankegangen.

– Eg lurer på kva politifagleg argument ein har for å ikkje inkludere Vanylven i politidistriktet Vest. Vi veit at Sunnmøre ikkje kan betene Vanylven utan hjelp frå Sogn og Fjordane.

– Svært skuffa over eige parti

Arbeidarpartiet opna på sitt landsmøte for å berge politidistrikt. Hadia Tajik la også vekt på dette under sitt innlegg på pressekonferansen, då ho snakka varmt om at Finnmark blir eitt politidistrikt.

– Reduksjonen frå dagens 27 er viktig. Men for oss har det aldri handla om talet på politidistrikt, men korleis dei er sterkast mogleg, sa Hadia Tajik (Ap), leiar i justiskomiteen, på pressekonferansen i dag.

Ordførarkandidat for Ap i Flora Arbeidarparti, Ola Teigen, er svært skuffa over at hans eige parti støtta ei reform som legg ned Sogn og Fjordane politidistrikt.

– Skuffelsen er så stor som han kan bli. Dette var kjempeskuffande. Eg hadde trua på at Sogn og Fjordane kunne stå åleine, seier Teigen.

– Betre politi i framtida

– Nærpolitireforma vil gje oss eit endå betre politi i framtida. Eg er svært glad for at så mange parti stiller seg bak ei viktig reform, seier Iselin Nybø, justispolitisk talsperson i Venstre.

Under pressekonferansen der Regjeringa, Venstre, KrF og Arbeidarpartiet presenterte reforma, understreka fleire parti at dei meiner samanslåingane vil styrke politi-Norge.

– Det har skjedd ei utarming av viktige fagmiljø i små og mellomstore distrikt. Reforma viktig for å styrke dei, sa Anders Werp (H) på pressekonferansen.

– Vi er samde om å fordele politiressursar og stillingar utover i dei nye distrikta, sa Kjell Ingolf Ropstad (KrF) om frykta mange har for at mange ressursar blir flytta til sentera i dei nye regionane.

Dette blir dei tolv nye politidistrikta:

  • Finnmark
  • Troms
  • Nordland
  • Trøndelag
  • Møre og Romsdal
  • Vest (Hordaland og Sogn og Fjordane)
  • Rogaland
  • Agder
  • Sør-Øst (Buskerud, Telemark og Vestfold)
  • Oslo (Oslo og Asker og Bærum)
  • Øst (Follo, Romerike og Østfold)
  • Innlandet (Hedmark og Oppland)