Hopp til innhold

I dag produserer dei 50 tonn i året - målet er 700 tonn om seks år

Landets einaste landbaserte kveiteoppdrettsanlegg har sett seg hårete mål fram mot 2020. – Eg veit det kan koste ein god del. Du må ha guts. Det må du ha om du skal komme deg fram, seier dagleg leiar Jan Brekke hos Sogn Aqua.

Sogn Aqua driv med kveiteoppdrett på land, som einaste selskap i landet. 
Samarbeid med forskarar har vore nøkkelen til suksess.
Men for Sogn Aqua har det vore nøkkelen til suksess. Som einaste i landet driv dei med kveiteoppdrett på land. Og rår andre til å gjere det same.

SJÅ TV-SAK: Som einaste selskap i landet driv Sogn Aqua med kveiteoppdrett på land. (Foto/redigering: Johan Moen)

Samarbeid med forskarar er grunngjevinga dei sjølve gir for at dei har kome så langt som dei har gjort.

I dag produserer dei kring 50 tonn i året. Om litt vil dei vere oppe i full kapasitet med 100 tonn. I 2020 er målet mellom 600 og 700 tonn kveite i året.

– Då må vi ha meir yngel og meir areal, seier dagleg leiar Jan Brekke.

Samarbeid med Sintef

Verksemda på Høyanger Sørside er med i Vri-programmet, Verkemiddel for regional innovasjon. Der kom dei i kontakt med forskingsmiljøet i Sintef.

I tillegg jobbar dei med ein reguleringsplan for å få hand om eit større areal og nye lokalitetar på land. Vatnet til oppdrettsanlegget vil dei halde fram med å pumpe opp frå sognefjordens djupn.

– I Sintef har vi biologisk kompetanse som er heilt fantastisk, og støtta frå Vri-programmet gjer at vi kan drive forskingsprosjekta. Dei har vi ikkje midlar til å drive heilt åleine, seier Brekke.

– Eit mønsterbruk

– Vi ynskjer å forenkle yngelproduksjon. Den har vore ein flaskehals i norsk oppdrett i 30 år. Vi søkjer mot nytt fôr og ynskjer å bruke Sognefjorden for alt det er verdt, seier han.

Øyvind Kråkås

RÅDGJEVAR: Øyvind Kråkås i Salmon Group.

Foto: Salmon Group

Mange gründerar kvir seg for å oppsøke forskingsmiljø, fordi det er tungvint, byråkratisk og av frykt for at gode idear kan bli snappa opp av andre. Denne frykta deler ikkje Brekke.

Torsdag var forskarar frå Sintef i Sogn for å hauste og dele erfaringar hos verksemda som av Salmon Group blir skildra som eit mønsterbruk.

– Det er veldig bra at folk kjem hit og ser korleis ein kan oppnå eit godt samarbeid mellom forskingsmiljø og næringslivet, seier informasjonsrådgjevar Øyvind Kråkås.

Frå jordbruk til fiskeri

Brekke seier at Sogn Aqua håpar å komme i gang med det nye produksjonsanlegget i Ortnevik allereie neste år.

Ordførar Petter Sortland (Ap) trur ikkje at det vil by på store problem å sleppe fiskerinæringa til på eit jordbruksareal.

– Det er ei fantastisk ære å ha ei slik verksemd i kommunen vår. Eg trur eg nesten kan garantere positiv respons, seier Sortland.