Hopp til innhold

Snart får desse borna sin eigen kokk

SANDE (NRK): I Sande barnehage skal dei snart få eigen kokk. Det vil gi dei tilsette meir tid med borna – og det gler borna seg stort til.

Prøvesmakar spagettisausen

SMAKE: Borna i Sande barnehage er mykje med på kjøkkenet. Her er det Elise (5) som får smake pastasaus frå Øystein Øvrebø. F.v. Sigrid Marie (4), Solveig (4), Elise, Elina (5) og Felix Nicolai (3).

Foto: Tone Merete Lillesvangstu / NRK

– Ein kokk er ein som lagar mat. Og så pleier han å ha litt rar lue, seier Benas (3).

– Eg håpar kokken kan lage spagetti og kjøttbollar, for det er noko av det beste eg veit, seier Solveig (4).

Forventningane blant borna er store, sjølv om det berre er ei knapp veke sidan styret i barnehagen gjekk inn for å lyse ut ei 60 prosent stilling som kokk i Sande barnehage i Gaular.

Fleirtalet ville ha kokk

Ideen kom frå foreldra sjølve.

– Vi hadde først ei spørjeundersøking blant foreldra før vi gjekk vidare med det, seier styrar Eldrid Skudal.

Eldrid Skudal, styrar i Sande barnehage

SPENT: - Vi gler oss, og trur dette blir bra, seier styrar i Sande barnehage, Eldrid Skudal.

Foto: Tone Merete Lillesvangstu / NRK

Det går i overkant av 100 born i Sande barnehage. I spørjeundersøkinga var det ikkje heilt semje blant foreldra for kokk, men likevel eit stort nok fleirtal til at barnehagen ønskjer å prøve ordninga.

– Vi ønskjer at borna skal ha eit variert og ernæringsmessig godt kosthald. Samtidig ønskjer vi at dei skal få smake mykje variert mat, bli introdusert for nye smakar og rettar. Det kan ein kokk hjelpe oss med, seier Skudal.

Hoppande glade for å få kokk

SPREKINGAR: F.v. Elina (5), Elise (5), Solveig Marie (4) og Solveig (4).

Foto: Tone Merete Lillesvangstu / NRK

Aukar prisen på matpengar

Men med ein kokk med på laget vil månadsprisen for foreldra gå opp.

– Prisen vil auke med om lag 150 kroner i månaden, noko som utgjer omtrent 1.500 kroner i året per unge, seier Skudal.

Sidan privateigde Sande barnehage er einaste barnehagen på Sande, finst det ikkje eit alternativ, dersom foreldre ikkje ønskjer denne ekstra utgifta.

– Det er vi klar over. Men det er semje om at vi prøver dette, og så får vi evaluere etter kvart, seier Skudal.

Øystein Øvrebø er ein av dei tilsette som trivst godt over grytene, og som gjerne tek kjøkkenteneste. Men han har ingenting imot å få ein kokk med på laget.

– Nei, då får eg tid til å gjere det som eigentleg er jobben min, å jobbe med ungane. Det er berre kjekt at det kjem nokon på kjøkkenet som er flinkare enn meg til dette, seier Øvrebø, noko Skudal støttar han i.

Borna i Sande barnehage gler seg til å få eigen kokk.

NAM: Peparkakebaksten er for lengst gjort i barnehagen, og ein smak må til. F.v. Sigrid Marie (4), Solveig (4), Elise (5), Elina (5), Felix Nicolai (3) og Benas (3). Foto: Tone Merete Lillesvangstu

Kanskje på plass i februar

– Ungane skal sjølvsagt få vere med å lage mat slik som i dag, men med ein kokk som har ansvar for både forarbeid, planlegging og rydding, så får vi betre tid til å vere med på også dette i lag med borna, seier Skudal.

Stillinga vert lyst ut så raskt som råd, og går alt etter planen, er kokken på plass frå 1. februar 2016.

– Han må vere god på samarbeid både med born og vaksne, god på ernæring og flink til å få borna med, seier Skudal.