Hopp til innhold

Smadra «uslåeleg» rekord med ein time og 17 minutt

Lars Erik Skjervheim (33) frå Voss klarte det ingen trudde var mogleg. Nemleg å slette rekorden til Ola Hovdenak på Hornindal Rundt, med ein time og 17 minutt.

Lars Erik Skjervheim vann Hornindal Rundt

NØGD: Lars Erik Skjervheim kan vere nøgd etter å ha sett ny rekord i Hornindal Rundt.

Foto: Halvor Farsund Storvik / NRK

Skjervheim kom i mål på åtte timar, 52 minutt og 30 sekund og var godt nøgd med løpet etter å ha lagt bak seg 75 kilometer fordelt på 5.600 høgdemeter.

– Det kjennest utruleg godt. Eg har hatt ein fantastisk dag og var i kjempeform. Alt klaffa. Då er det fantastisk kjekt, seier Skjervheim.

Men viss du trudde Skjervheim driv med langdistanseløping til vanleg, tek du feil.

Fekk kongepokal i vinter

Han trivst nemleg best med ski på beina. Helst med tungt slit i motbakke og høg fart nedover.

– Eg er aktiv randoneeløpar, så det er kjekt at også ein som meg kan vinne, seier Skjervheim.

I april tok imot han den første kongepokalen som nokon gong er vorte delt ut i randonee etter ein strålande sesong.

Men han er klar på at det ikkje kjem av seg sjølv.

– Eg putlar på og trenar litt kvar dag. Det er vel det som er oppskrifta, seier Skjervheim og smiler uforskamma opplagt etter å ha sprunge i ni timar.

Glad han vart med

– Ein blir lurt litt med når folk seier det er så fantastisk. Så skjønnar ein ikkje betre og blir med, ler Skjervheim med glimt i auga.

– Men det var fantastisk. Det var frykteleg vondt og fint om ein annan. Det var absolutt verdt det, seier Skjervheim.

Men det var ein kamp i hovudet hans undervegs.

– Eg tenkte innimellom på kvifor i all verda eg gjer dette, for det var jo vondt. Men no er det berre herleg, seier Skjervheim.

Han la i veg og drog frå konkurrentane allereie frå start. Og innimellom var han uroa for om han hadde gått for hardt ut.

– Eg var ikkje heilt trygg på at eg kom til å halde heilt til mål. Men eg kjende meg veldig bra, så eg måtte berre prøve. Eg følte av og til at eg var litt tung, men det gjekk bra, seier Skjervheim.

Skjervheim og Hermansen

SLO REKORDEN: Både f.v. Lars Erik Skjervheim og Didrik Hermansen slo den gamle rekorden i Hornindal Rundt.

Foto: Halvor Farsund Storvik / NRK