Hopp til innhold

Små marginar - men i fjor tente dei fleste pengar på transport

13 av dei største transportverksemdene i fylket gjekk i fjor med overskot, men marginane i bransjen er små.

Rolf Olav Tenden

SMÅ MARGINAR: Fylkesleiar i Lastebileigarforbundet i Sogn og Fjordane, Rolf Olav Tenden, meiner transportnæringa i fylket er rimeleg trygge og gode.

Foto: Thor Tenden Transport

– Eg føler at vi har stabilisert oss i næringa. Vi er rimeleg trygge og gode, seier fylkesleiar Rolf Olav Tenden i Lastebileigarforbundet Sogn og Fjordane.

Etter nokre tøffe år med mykje minustal i bransjen, meiner Tenden at næringa no ser ut til å vere over kneika.

Små overskot – sterk eigenkapital

NRK har kartlagt årsrekneskapen til 19 av dei største transportselskapa i Sogn og Fjordane (sjå tabell under). 13 av dei gjekk i fjor med overskot, fem gjekk med tap, mens tala for eitt av selskapa ikkje er klare.

Nistad

OVERSKOT: Nistad-bilane frå Gaular omsette i fjor for over 80 millionar kroner. Det gav eit overskot på 2 millionar kroner.

Aktørar som Thor Tenden Transport AS i Stryn, Magnus Nistad AS i Gaular og Per A. Øren i Høyanger noterte alle små overskot.

– Vi ser at resultata varierer litt, og det er ikkje dei store overskota i prosent. Viss ein ser på landsgjennomsnittet så ligg næringa på mellom 1 og 4 prosent i overskot. I tillegg må ein sjå på eigenkapitalen og styrken til selskapa, seier Tenden.

Han viser til at mange har vore i bransjen i lenge og har god eigenkapital til å kunne bere konjunktursvingingar.

Eit døme er Per A Øren Transport sitt holdingselskap. Per Andreas Øren og broren Lasse har 16 millionar i eigenkapital. Magnus Nistad AS har over 7 millionar kroner.

Fylkets største slit framleis

Men for fylkets desidert største transportør, Firda Billag-eigde Transferd, vart det nok eit år med millionunderskot. Med ein omsetnad på 319,7 millionar kroner er den tidlegare lastebildivisjonen til billaget i Førde i ein eigen liga kva gjeld storleik i Sogn og Fjordane.

Men selskapet som er 100 prosent eigd av det interkommunale Firda Billag har framleis til gode å levere overskot

Administrerande direktør Peter Midthun finn likevel trøyst i at underskotet vart kraftig redusert.

– Det skulle berre mangle. Vi hadde eit forferdeleg år i 2012. Vi var nøydde til å forbetre oss, seier Midthun om underskotet som krympa frå 16 millionar kroner i 2012 til 5,9 millionar i 2013.

– Vi jobbar med å få ting opp å gå slik dei skal. Eg har grunn til å tru at vi skal få det til, seier Midthun.

(Artikkelen held fram under biletet.)

Transferd

MINUS 5,9 MILL: Firda Billag sitt frakteselskap Transferd leverte nok ein gong raude tal. Med ein omsetnad på nær 320 millionar kroner er selskapet dessidert størst i Sogn og Fjordane.

Foto: Oddleif Løset / NRK

Buss i pluss

Han kan derimot gle seg over at bussdrifta, Firda Billag Buss AS, leverer solide overskot.

– Busselskapet er vi fornøgde med. Der leverer vi bra tal, og har hatt ei god drift både i 2012 og 2013, seier Midthun.

Men om konsernet også vil tene pengar på lastebilane i år, kan han ikkje love ...

– Våren var ikkje heilt god for oss, men det har gått betre dei siste månadene. Vi skal i alle fall komme ein god del betre ut enn kva vi gjorde i 2013. Det har vi all grunn til å tru. Om vi når balanse, er eg litt usikker på, seier Midthun.

Godt år for Slinde

Blant dei som kom best frå det i 2013 var Slinde Transport på Slinde i Sogndal. Selskapet med 20 lastebilar fekk eit overskot på 3,3 millionar kroner før skatt.

Slinde med Slinde Transport

OVERSKOT: Slinde transport leverte i 2013 3,3 millionar kroner i pluss.

Foto: Ottar Starheim / NRK

– Sånn generelt må vi vere fornøgde, seier dagleg leiar Magne Ahlin.

Han fortel at selskapet har gjort grep for å omstille seg og betre kunne møte den auka konkurransen frå utanlandske transportørar.

– Dette er noko vi som køyrer mykje langtransport mellom Aust- og Vestlandet merkar spesielt godt. Det er mørke skyer over oss. Men vi har lykkast i å finne nye samarbeidspartnarar, kundar som ser dette problemet, seier Ahlin.

Mjølkebil god butikk

Best fjorårsresultat i høve til omsetnad fekk Råheim Transport på Viksdalen. Mjølkebilane frå Gaular omsette for drygt 20 millionar kroner, og leverte eit overskot på 3,6 millionar kroner før skatt.

Selskapet satsar, og gjorde nyleg avtale om å overta bilar og sjåførar frå mjølketransportør Rolf Nygård på Lavikdalen som går av med pensjon.

Råheim Transport - mjølketankbil

OVERSKOT: Mjølkebilane til Råheim Transport i Gaular leverte 3,6 millionar kroner i pluss i fjor.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

Dagleg leiar Inge Råheim ønskjer ikkje å kommentere det gode resultatet.

Trur dei fleste vil overleve

Etter nokre konkursar og fusjonar i bransjen dei siste åra, mellom anna bortfallet av Kårstad Transport, trur leiaren i lastebileigarforbundet at dei som no er att, vil overleve.

– Eg trur at dei vil klare seg rimeleg godt vidare. Det er ikkje dei store overskota, men vi må også vere klar over at vi i denne næringa har høve til å skrive av materiell i løpet av fem år. Så avskrivingsprosenten er høg i høve til andre næringar, seier Rolf Olav Tenden.

Dette tente transportselskapa i 2013

Firma

Omsetnad

Resultat før skatt

Eigenkapital

Tilsette

Hovudkontor

Transferd AS
 

319.755.000

-5.829.000

20.312.000

125

Førde

Firda Billag Buss AS
 

202.688.000

11.303.000

50.143.000

205

Førde

Slinde Transport
 

37.714.000

3.316.000

10.966.000

30

Slinde i Sogndal

Naustdal Transport
 

31.277.000

18.000

262.000

33

Nordfjordeid

Magnus Nistad AS
 

81.296.000

2.023.000

7.246.000

40

Sande i Sunnfjord

Thor Tenden Transport AS
 

80.267.000

1.397.000

5.171.000

35

Stryn

Hoff & Knutson Transport AS


 

35.314.000

1.641.000

3.275.000

37

Førde

Råheim Transport
 

20.656.000

3.376.000

12.856.000

22

Viksdalen

Sygna Transport
 

30.313.000

1.307.000

4.598.000

25

Sande i Sunnfjord

Per Bortheim Transport AS
 

31.154.000

-418.000

4.728.000

8

Florø

Lerum Frakt Sa
 

50.731.000

-198.000

157.000

3

Kaupanger

Per A Øren Tranport AS
 

49.622.000

717.000

2.424.000

25

Høyanger

Olsen Transport AS
 

9.757.000

305.000

564.000

6

Raudeberg

Liva Transport AS
 

9.483.000

-207.000

3000

15

Nordfjordeid

Måløy Container Transport AS
 

6.195.000

52.000

767.000

4

Måløy

Th. Holene AS
 

28.730.000

21.000

923.000

31

Hafslo

Nettbuss Nordfjord - Ottadalen AS
 

175.223.000

-849.000

38.707.000

91

Stryn

Rutebilane i Bremanger AS
 

13.291.000

431.000

3.476.000

8

Hauge i Bremanger

Ekspander/minimer faktaboks

Rekneskapen for Olav Tenden Transport i Stryn er ikkje klar. Kjelde: Purehelp.no

NB. Per A Øren i Høyanger har skilt ut transport og entreprenør som eigne selskap f.o.m. rekneskapsåret 2013. Entreprenørdelen av selskapet stod i fjor for ein omsetnad på 54 millionar kroner.