Hopp til innhold

Sel teikningane sine for å kjøpe gåver til andre barn

FØRDE (NRK): Barna i Slåttebakkane barnehage selde kunst for å gje julegåver til andre barn som ikkje har det like godt som dei sjølv. Det vart ein kassasuksess!

Anton Aase

TEIKNAR: Anton Aase og Morris Aasheim Sægrov er godt nøgde med eigen innsats.

Foto: Tor-Erik Humlen / NRK

Barnehagen selde kunst for over 2300 kroner. Dei har ein avtale med barnevernet om å kjøpe inn gåver til born i Førde som kanskje ikkje hadde fått elles.

Samarbeider med barnevernet

– Vi presenterte ideen på eit foreldremøte, og alle foreldra var svært positive, fortel leiar i barnehagen Gudbjørg Gunnarsdottir.

Dei tilsette og barna i barnehagen arrangerte då ein auksjonskafé, der foreldre og føresette fekk kjøpe alle dei flotte kunstverka barna hadde teikna.

Alle teikningane var fint innramma, og foreldra fekk ete frukost saman med ungane. Samstundes vart det starta full bodkrig mellom foreldra om dei flotte bileta.

Barnevernet skal sende oss informasjon om kjønn og alder på barna vi skal kjøpe gåver til. Så pakkar vi inn gåvene her i barnehagen og gir dei til barnevernet. Det blir kjekt både for barnehagebarna og for ungane som til slutt skal få gåvene på julaftan, fortel Gunnarsdottir.

– Det er sjølvsagt barnevernet som tar seg av gåveutdelinga til ungane som skal ha dei, seier ho.

Kjekt å hjelpe andre

Eg teikna tre menn, som gjekk på sykkeltur om sommaren då det var sol og fint vêr, seier Anton Aase.

Teikninga var ei av mange som vart seld under auksjonen i barnehagen. Barna syns det var kjekt både å teikne og hjelpe andre barn som kanskje ikkje har det like godt som dei sjølve.

(Artikkelen held fram under biletet)

Maida Girzadaite og Anton Aase.

KUNSTNARAR: Maida Girzadaite og Anton Aase har seld teikningane sine for å kjøpe gåver til andre barn.

Foto: Tor-Erik Humlen / NRK

– Eg synst det var skikkeleg kult å få teikninga mi ramma inn. Det var kjempefint at dei andre fekk pengane, seier Anton Aase.

Dei har snakka mykje saman i barnehagen om at det ikkje er alle barn som er så heldige å få mange gåver til jul.

– Pengane gjekk til andre barn i Førde som ikkje hadde så mykje, fortel han.

Anton syns det er rart å tenkje på at det ikkje er alle som har det så godt no i jula. Heldigvis har han no vore med på å gjere jula betre for nokre av dei.