Hopp til innhold

Slo mann medvitslaus før vitne stogga dei

To sogningar i 20-åra er dømde for grov vald. Det måtte vitne til for å stogge dei.

Det var ei augustnatt i fjor dei to sogningane, som er i slekt, slo ein mann i hovudet ved ein utestad i Sogn. Då den fornærma fall til bakken, held dei fram med å slå slik at han mista medvitet. Seks tenner i overkjeven knakk eller sprakk.

Medvitslaus i fleire minutt

Dei tre kom i krangel etter ein fuktig kveld på byen. Krangelen oppstod etter at fornærma vart kasta ut frå ein utestad, og enda med slåstkamp.

Men her sprikar forklaringane om kva som skjedde vidare. Dei dømde hevdar at fornærma slo først, men vitne kastar tvil over den forklaringa. Likevel legg retten, fordi rimeleg tvil skal kome tiltalte til gode, til grunn at fornærma slo det første slaget.

Deretter slo dei dømde gjentatte slag mot den fornærma sitt hovud, før han fall til bakken. Dei held fram med å slå til han mista medvitet, og stoppa ikkje før vitne greip inn.

– Dersom vitne ikkje hadde gripe inn då dei gjorde, kunne skaden lett har blitt mykje meir alvorleg, skriv tingrettsdommarane.

Ifølgje vitneforklaringar vart han liggjande medvitslaus i fleire minutt. Den fornærma vart frakta med luftambulanse til Haukeland universitetssjukehus. 6 tenner i overkjeven vart øydelagde, og høgre augeeple fekk skader. Han vart sjukemeld i fire veker. «I ettertid har han slite med store smerter i munn og nakke, samt voldsom hovudpine», står det å lese i dommen.

Åtte månadar fengsel og erstatning

Seks vitne forklarte seg i rettssaka i Sogn tingrett. Retten festar ikkje lit til dei dømde si forklaring om at dei ikkje hugsar at den fornærma låg nede, eller at han var medvitslaus og blodig.

Retten har vurdert om dei dømde handla i naudverje. Begge har forklart at det var ein kaotisk og stressande situasjon, og at dei var redde for fornærma. Retten utelukkar ikkje at dei dømde slektningane vart utsette for eit rettsstridig angrep, men meiner naudverjehandlingane overgjekk det som var naudsynt for å avverje angrepet.

Dei tiltalte erkjente ikkje straffeskuld for valdsepisodane, og bad om frifinning. Dei to er ikkje straffedømde tidlegare.

Aktor bad om ti månadar fengsel. Retten dømmer begge til åtte månadar i fengsel, der fire månadar er på vilkår, med ei prøvetid på to år.

Saman må dei betale over 19 000 kroner i erstatning, og 50 000 kroner i oppreising til den fornærma. Dei må og dekke staten sine sakskostnadar på 4 000 kroner.