Hopp til innhold

Slo kvinne på kjøpesenter

Ein mann i 20-åra er pågripen, sikta for å ha slege til ei kvinne på eit kjøpesenter i Førde sentrum onsdag ettermiddag. Mannen vart sett i arrest, og skal avhøyrast. Kvinna vart ikkje så skadd at ho måtte til lege. Saka vert etterforska av Førde og Naustdal lensmannkontor.