Hopp til innhold

Nær 100 eigarlause blåskjelanlegg er til fare båttrafikken i landet

Blåskjelanlegg som ingen vil ta ansvar for er eit problem langs heile norskekysten. Totalt utgjer minst 89 slike anlegg ein risiko, meiner Fiskeridirektoratet og Kystverket.

Restar etter blåskjelanlegg ligg langs kysten og i fjordar i heile landet.

RISIKO: Gamle blåskjelanlegg som ingen vil kjenne seg ved utgjer ein stor risiko langs norskekysten.

Foto: KV Tor

Blåser, tau og anna skrot blir liggande i fjorden etter eigarlause blåskjelanlegg so slit seg.

SKROT: Blåser, tau og anna skrot blir liggande i fjorden og utgjer ein risiko for trafikken.

Foto: Kystvakta KV Tor

– Det er ei rekkje etterlatne anlegg langs kysten. Det er eit problem for skipstrafikk, eller for kommunar som vil bruke arealet til noko anna, seier Olav Lekve, kommunikasjonssjef i Fiskeridirektoratet.

Tal frå Fiskeridirektoratet syner at det er elleve eigarlause blåskjelanlegg i Sogn og Fjordane. Tala er frå april 2013, og direktoratet kan ikkje sjå vekk frå at nokre av anlegga er rydda vekk, eller at det finst anlegg som ikkje har med i deira oversikt.

Laurdag måtte Kystvakta KV Tor taue inn eit slikt anlegg til land i Aurland. Mange av anlegga er etterlevningar etter mislukka satsing på blåskjeldyrking. Selskapa bak er konkurs, og det finst ikkje lenger informasjon om selskapa i noko register. Flest utrangerte anlegg ligg i Nordland, der det er heile 42 anlegg som ingen kjenner seg ved.

Problem med uklare ansvarsforhold

Anlegga har rekker av blåser, som er meir eller mindre nedsenka i sjøen, der tauverk går ned mot botnen. Nokre stader kan anlegga vere særs arealkrevjande.

At eigarane har gått konkurs og ikkje har pengar til å rydde opp er eit problem. For kven har då ansvar for å rydde opp? Fiskeridirektoratet skulle gjerne sett at det fanst ei statleg finansiert ordning for å få bukt med problemet, men ser at det kan bli vanskeleg.

– Når eigaren går konkurs er det ofte ikkje pengar i buet, og ingen tek då på seg ansvaret. Vi har lukkast med spleiselag mellom oss, fylkeskommunar, kommunar og andre som føler ansvar for å få rydde det vekk, men det er marginalt kva vi kan få til med dei midlane vi har gjennom ordinær drift, seier Lekve.

I regjeringa sitt framlegg til statsbudsjett at dei ynskjer å utvide ordninga med opprydding av tapte fiskereiskapar til også å omfatte eigarlause blåskjelanlegg.

Utgjer ein stor risiko

Jon Skålheim i Kystvakta meiner gamle og eigarlause blåskjellanlegg utgjer ein stor risiko.

FARLEG: Jon Skålheim og resten av mannskapet på Kystvaktskipet KV Tor ser ofte utrangerte blåskjelanlegg langs kysten.

Foto: KV Tor

Kystvaktskipet KV Tor taua laurdag vekk eit blåskjelanlegg på drift i Sognefjorden. Skipet patruljerer frå Egersund til Stad, og det er ikkje første gong dei ser slike anlegg på rek.

– Vi ser ein del utrangerte blåskjelanlegg, og er opptekne av at det ikkje utgjer noko fare for andre sjøfarande. Dei er utan lys og merking og i mørket kan det vere risikofylt å køyre på slikt, seier Jon Skålheim, skipssjef på KV Tor.

Til no har han ikkje vore bort i alvorlege ulukker på grunn av blåskjelanlegg på rek, men seier at risikoen er stor.

– Det ligg blåser og tau rundt om, og mange av anlegga ligg inne i bukter. Kjem ein i småbåt i stor fart, så kan det føre til alvorlege ulukker. Dei som er kjende i nærområdet kjenner gjerne til det, men for ukjende kan det vere skummelt, seier Skålheim.