Hopp til innhold

– Gje ungdom eigne oppdrettskonsesjonar

BERGEN (NRK): Det meiner oppdrettsgründer Gustav Witzøe er løysinga for å lokke ungdomane inn i sjømatnæringa. Og ungdomane tenner på ideen.

Gustav Witzøe

ERFARING: Gustav Witzøe har sjølv erfart å stå som ung oppdrettsspire, men utan konsesjon.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

– Det utløyser litt gründerspiriten, slik Erna oppmodar. Ein må ha fleire som vågar å satse, fleire som vågar å ta opp lån og satse på ei framtidig næring. Då er absolutt ein ungdomskonsesjon ein veldig spennande ide, seier Erlend Vassbotten frå Flora.

Ser til villfisknæringa

Youngfish-skiparane Camilla Solheim Nore, Håvard Tennebø og Erlend Vassbotten.

YOUNGFISH: Youngfish-skiparane Camilla Solheim Nore, Håvard Tennebø og Erlend Vassbotten.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

Vassbotten er nestleiar i Youngfish, nettverksorganisasjonen med 700 medlemer, som jobbar i eller med sjømatnæringa.

Under Youngfish-konferansen i Bergen høyrde han Gustav Witzøe lansere ungdomskonsesjon som ei løysing på rekrutteringsproblema. Slik som i villfisknæringa.

– Så kunne tenkast at dersom nokon søkjer og får konsesjon, så er det beste å søkje samarbeid med eksisterande verksemder over ein periode for å utvikle konsesjonen, seier han.

Omsette for sju milliardar

Sidan 2009 har unge fiskarar kunne søkje på såkalla rekrutteringskvotar. Til årets ti kvotar var det 41 søkjarar. Noko slikt eksisterer ikkje i dag for unge oppdrettarspirer.

Erlend Vassbotten, Erna Solberg, Håvard Tennbø og Camilla Solheim Nore.

REKRUTTERING: Erlend Vassbotten (t.v.) tykkjer framlegget til Gustav Witzøe var spennande og god. Her saman med Statsminister Erna Solberg (H), Håvard Tennebø og Camilla Solheim Nore.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

Det eksisterte heller ikkje på 80-talet då Witzøe var i 20-åra, med ein oppdrettsdraum – men utan konsesjon. Det fekk han først i 1991 då han kjøpte eit konkursbu.

I 2014 omsette selskapet hans, Salmar, for sju milliardar kroner. Og hadde kring 1 000 tilsette. Witzøe avviser at forslaget er for å gi etablerte verksemder ekstra konsesjonar.

– Det kan leggast inn i prinsippa til konsesjonen, at det skal vere rekruttering og at dersom det skjer, så kan konsesjonen dragast inn, seier han.

– Spennande

Sivert Bjørnstad

SPENNANDE: – Det er veldig spennande tanke og absolutt noko ein må sjå nærare på, seier stortingspolitikar Sivert Bjørnstad (Frp).

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

Stortingspolitikar Sivert Bjørnstad (Frp) tykkjer framlegget er ein spennande tanke som bør sjåast nærare på.

Han sit i næringskomiteen og er samfylking og partifelle med fiskeriminister Per Sandberg. Han deler tanken om at næringa treng fleire unge hender og kvikke hovud.

– Det som er viktigast er at folk som går med skaparlyst, også på oppdrettssida, får høve til å medverke i det norske samfunn med sin skaparkraft. Då kan absolutt ungdomskonsesjonar vere noko å prøve ut, seier han.

Tek ideen vidare

No vil Youngfish ta oppmodinga frå Witzøe om å bringe ideen vidare. Nestleiar Vassbotten trur ein ungdomskonsesjon kan gi unge moglegheit til å styre og spire nye idear for utvikling innan oppdrett.

For det er eit fåtal som maktar å bla opp dei mange titals millionane som trengst for å kunne starte.

– Eg tykkjer ideen er spennande, seier han.