Hopp til innhold

Neste år er det fylkestingsval - no vil dei ha di hjelp til å fylle lista

Senterpartiet i Sogn og Fjordane går nye vegar for å finne folk til plassane sine på fylkestinget. Og til det treng dei di hjelp.

Heidi Grande Røys, Per Rune Vereide og Erling Sande

VIL HA INNSPEL: Senterpartiet i Sogn og Fjordane ønskjer innspel til kven dei skal nominere til fylkestinget. Her frå valvaken i 2009, f.v. Heidi Grande Røys, Per Rune Vereide og Erling Sande.

Foto: Brit Jorunn / NRK

– Vi er opptekne av å ha ein brei og open prosess rundt nominasjonen, seier leiar av nominasjonsnemnda i Sogn og Fjordane Senterparti, Erling Sande.

Han legg til at det er eit mål for Senterpartiet å ha opne prosessar.

– Det er partimedlemmane som set i hop listene til fylkestingsvalet. Men i år vil vi komme med ei utfordring til folk i fylket om å spele inn namn til oss, seier Sande.

Han legg til at det ikkje er alle som er med i politiske parti, og dermed har dei ikkje moglegheit til å vere med i nominasjonar.

– Vi ønskjer å vere aktive og utfordre folk til å komme med forslag til oss om kven som kan stå på liste, og kven som kan vere potensielle fylkestingsrepresentantar, seier Sande.

Treng ikkje vere medlem

Partiet ønskjer dermed å involvere både partimedlemmer, men også dei som ikkje er det, til nominasjonsprosessen i partiet.

Og har du nokon å føreslå, så treng dei slett ikkje vere medlemmer i Senterpartiet.

– Vi har sagt at folk må gjerne komme med forslag om folk som ikkje har partitilknyting også. Det er eit mindretal av innbyggjarane i fylket som er medlemmer i eit politisk parti. Men det betyr ikkje at dei er diskvalifisert for å engasjere seg politisk, seier Sande.

Han meiner alle burde prøve å få endå fleire aktive i både fylkes- og lokalpolitikken.

– Vi håpar dette skal få fleire til å engasjere seg i nominasjon og i politikk elles. Ein god start er å engasjere seg i ein fylkesnominasjon, som vi no står framfor, seier Sande.

Har valt datoen med omhug

Fristen for innspel er sett til 17. mai.

– Dette er grunnlovsåret, og folkestyre er i fokus. Så 17. mai er ein nøye utvald dato. Fram til den dagen kan alle i fylket spele inn namn til oss i Senterpartiet, seier Sande.

Men han understrekar at det er partimedlemmene som til slutt skal bestemme kven som skal stå på liste.

– Men dei namna som vert spelte inn, vert formidla til alle lokallaga til Senterpartiet i fylket. Det er det einskilde partimedlem i lokallaga som er med og set i hop den endelege lista, seier Sande.

Han trur det kan komme mange gode forslag, også frå folk utanfor partiet. Og om det kjem forslag om folk som ikkje er Sp-medlemmer, så ser han ikkje noko problem med det.

– Det vanlege er at dei som står på ei fylkestingsliste er partimedlemmer. Så når ein kjem så langt at ein snakkar om aktuelle kandidatar, så vil dei sjølvsagt få ein førespurnad om dei vil stå på lista, og dernest om dei ønskjer å vere medlem i Senterpartiet, seier Sande.

Er ikkje ein sjarmoffensiv

Han peikar på at det viktige er å få fram mange gode namn.

– Det kan jo vere folk som ikkje har tenkt tanken før, som viss dei vert føreslegne, kanskje går ei runde med seg sjølve og spør om dei skal engasjere seg politisk, seier Sande, som trur dette kan vere ei inngangsdør til politikken.

Og det er heller ingenting i vegen for å føreslå seg sjølv.

– Folk treng ikkje gå til personen dei føreslår for å sjekke partibakgrunn eller slikt. Det skjer gjennom ein nominasjonsprosess. Når vi har namnet på blokka, kan vi spørje personen, dersom våre lokallag ønskjer at vi gjer det, seier Sande.

– Vi håpar med dette at folk vil engasjere seg, og at vi får involvert fleire i nominasjonsprosessen, slik at det ikkje berre er ein mindre krets av partimedlemmer som sit og føreslår namn, seier Sande.

At dette er ein medviten sjarmoffensiv frå Senterpartiet etter månader med turbulens på fleire plan, vil ikkje Sande høyre snakk om.

– Nei, eg trur dei fleste, uansett kva dei meiner om støyen i Senterpartiet, vil vere samde i at vi i alle fall har opne prosessar. Det har det sanneleg vore. Dette er ein lang tradisjon i Senterpartiet. Vi var mellom anna det første partiet som opna landsmøtet for pressa og andre, slik at folk kunne få innsyn i kva ein bestemde der, seier Sande.