Hopp til innhold

Er i full gang med utsiktspunkt - men ligg litt etter skjema

Arbeidet med utsiktspunktet «Utsikten» på fylkesveg 13 over Gaularfjellet er godt i gang. Men dei ligg ikkje an til å klare opning i juni 2015.

Slik vert Utsikten

GOD UTSIKT: Utsynet frå Utsikten skal bli spektakulært.

Foto: Eldgrim Fossheim / NRK

– Dei ligg litt etter skjema, men vi håpar vi kan få gjort anlegget tilgjengeleg til neste sommar. Men det vil nok stå att noko arbeid til ettersommaren og hausten, seier prosjektleiar hjå Statens vegvesen, Bjørn Andresen.

Rasteplassen ligg på toppen av stigninga opp frå Vetlefjorden i Balestrand. Frå dette punktet har ein flott utsikt over landskapet der fylkesveg 13 slyngjer seg oppover fjellsida.

Anlegget har ein prislapp på 18 millionar, og skal i hovudsak byggjast som ei trekanta betongflate med hjørner som peikar mot nord, sør og vest.

Krev omstendeleg forskaling

Betongflaket reiser seg i tre endar og formar eit amfi på om lag 420 kvadratmeter. Tanken er å lage ei form som også kan brukast som ein sosial og kulturell arena. Men det krevst presisjon for å få det til.

– Det er eit krevjande byggverk i seg sjølv, og det krev ei omstendeleg forskaling. I tillegg må ein vere pinleg nøyaktig. Ein får ikkje fleire sjansar når ein driv med betong, seier Andresen.

Arbeidet starta opp som planlagt i mai og har gått jamt i sommar, med to veker feriestogg.

(Artikkelen held fram under biletet)

Krevjande forskaling

MYKJE ARBEID: Heile anlegget skal støypast i betong, og det er krevjande arbeid som må til for å få forskalinga skikkeleg.

Foto: Eldgrim Fossheim / NRK

Håpar på ein fin haust

No håpar Veidekke, som har kontrakten på bygginga, på godt haustvêr, slik at dei kan jobbe så lenge som mogleg utover hausten.

– Slikt kan ein ikkje styre. Vi håpar dei kan jobbe ut oktober. Viss dei også kan jobbe i november, er det rein bonus, seier Andresen.

Prosjektet er kostnadsrekna til 18,4 millionar kroner, totalsummen vert i overkant av 20 millionar kroner når meirverdiavgifta er lagd til.

– Vi ligg på budsjett, seier Andresen.

Prosjektet er finansiert gjennom løyvingar til nasjonale turistvegar og er øyremerkte prosjektet på Gaularfjellet.