Hopp til innhold

Slik vert trafikken råka av vinterglatta

Stengde fjellovergangar, fleire uhell på vegane og kansellerte fly; slik råkar vintervêret trafikken i morgontimane i dag.

Trafikkulukke i Fjærland

HAMNA PÅ TAKET: I Fjærland hamna ein bil på taket etter ei utforkøyring i morgontimane i dag. Vêret skapar store problem for trafikken, både langs vegane og i lufta.

Foto: NRK.no-tipsar

Underkjølt regn gjorde det såpeglatt på fleire fjellovergangar i dag tidleg, og Statens vegvesen stengde både E16 over Filefjellet og riksveg 52 over Hemsedalsfjellet for å strø.

Begge vegane er no opna att for trafikk.

Etter kvart byrja meldingane å tikke inn om glatte vegar og fleire trafikkuhell også i låglandet.

Trafikkulukke i Fjærland

KØ: Utforkøyringa i Fjærland førte til lange køar.

Foto: NRK.no-tipsar

Litt før sju kolliderte to bilar på Panoramavegen i Stryn, etter at den eine føraren hadde fått sleng på bilen. Ein god halvtime seinare hamna ein bil i grøfta på riksveg 5 i Fjærland. Bilføraren vart sendt til legesjekk med mindre personskadar.

Like før ni køyrde ein ny bil av vegen, denne gongen på fylkesveg 55 i Indre Hafslo i Luster.

Men ikkje berre glatte vegar skapar problem i høgfjellet. På Vikafjellet har eit snøskred i nattetimane gjort at vegen no er stengt for trafikk. Statens vegvesen melder at vegen ikkje vil bli opna att i dag.

Også flytrafikken vil bli råka av vintervêret. Sogndal lufthamn har allereie kansellert to fly på grunn av glatt rullebane, men situasjonen kan forverre seg utover dagen.

For også på Gardermoen slit dei med underkjølt regn, noko som har ført til forseinkingar på opp mot to timar. Stort sett all flytrafikk som skal ut av Oslo vil bli råka, det vil igjen gje ringverknader over heile landet.

Førebels er det ikkje meldt om fleire kanselleringar her i fylket, men Widerøe oppmodar folk om å følgje med på nettsidene deira om flya er i rute.

Riksveg 52 Hemsedalsfjellet

GLATT: Folk som skal ut i trafikken i dag tidleg må vere budde på glatt føre. Fleire fjellovergangar, som her på Hemsedalsfjellet, har vore stengde på grunn av vanskelege køyreforhold.

Foto: Skjermdump / Statens vegvesen