Hopp til innhold

Slik spår vêrprofeten julevêret

Folk over heile landet ringer til vêrprofet for å få svar på om det blir snø til jul.

Magnus Skildheim

VURDERER VÊRET: Vêrprofet Magnus Skildheim brukar eigen statistikk og teikn i naturen for å spå vêret i jula. - Det kan hende det blir kvit jul, seier han.

Foto: Gro Ravnestad / NRK

Ei kvit jul står høgt oppe på ønkjelista til dei fleste, og mange vil gjerne ha svar om det blir snø eller ikkje.

Vêrprofeten Magnus Skildheim (77) frå Vadheim får i desse tider fleire telefonar frå håpefulle over heile landet. Han brukar teikn i naturen for å kunne gje svar.

Dette kan du følgje med på

– For det første må ein sjå på fuglane, seier 77-årigen og legg til:

– Ein kan også sjå på skogen om den er svart eller grå - for skogen forandrar farge før vêrskifte. Det blir mildare når granskogen er svart.

Vêrprofeten frå Vadheim har tolka teikn i naturen i ein mannsalder. No skal han prøve å gje svar på det alle lurar på no i desember: Blir det snø til jul?

ARTIKKELEN HELD FRAM UNDER BILETET

Magnus Skildheim

HEIME: Magnus Skildheim har blitt 77 år, men får framleis telefonar frå fjern og nær om vêret.

Foto: Gro Ravnestad / NRK

Berre tre av ti er kvite

Ein blinkande stjernehimmel og snø på trea er det som må til for å slape ekte julestemning i norske heimar. Men for mange blir dette berre ein draum, i allefall i ytre strok på Vestlandet.

Ifølgje statsmeterolog Arnstein Kjøstheim er berre tre av ti juler kvite. Han får også mange spørsmål i desse førjulstider.

– Det er noko heilt spesielt med kvit jul, og det er jo det som er det store spørsmålet. Mange vil ha kvit snø til jul, seier Kjøstheim.

– Men blir det kvit snø til jul?

– I Sogn og Fjordane er det sannsynleg, spesielt i høgda og indre strok. Men sånn statistisk sett i ytre strok er det berre tre av ti juler som er kvite, svarar han.

Har tru på kvit jul

I over 60 år har Magnus Skildheim studert månefasane og ført sirleg statistikk. Men for å kunne gje folk over heile landet eitt godt svar på 77-åringen også ta fram almanakken.

– Det er heilt ufatteleg så mange som tar kontakt - heilt frå Lindesnes til Møre og Romsdal. Og det er ein i Stavanger som ringer fleire gonger for dagen. Eg har mange telefonar kvar einaste dag, seier Skildheim.

Med statistikken i handa og naturen som oppslagsverk er den erfarne vêrprofeten klar til å konkludere korleis juleveiret blir i år. Månen i desember i år kan gje svar på om det blir snø til jul:

– Alt ser ut til at det kan hende at vi får snø til jul. Men det er ikkje ut som det i naturen. Det er ikkje så lenge igjen til jul, men det kan skifte kort, seier han.