Hopp til innhold

Lovar stand up-show i kulturhuset viss han scorar sju mål eller meir...

Ørjan Hopen har skumle planar om å opne scoringskontoen sin i bortekampen mot Bodø/Glimt i dag. På Twitter lova han i går at viss han scorar sju mål eller meir denne sesongen, held han stand up-show i kulturhuset i Sogndal ...

Ørjan Hopen i treningskamp mot Hødd 22.03.14
Foto: Christian Blom

– Eg har i grunn kjent det på meg heile veka. Skikkeleg godkjensle, ler Hopen.

Dei som følgjer han på Twitter, kunne i går lese følgjande melding:

Laster Twitter-innhold

Og målet han har sett seg, er hårete. For ser ein på scoringsstatistikken til Hopen, er sesongen 2011 det næraste han har vore så mange scoringar. Då scora han seks mål. I 2012 vart det to nettkjenningar, medan det i fjorårssesongen berre vart eitt mål, då for Bryne.

– Jau, litt hårete er det. Men no er det ei litt hårete utfordring det med stand up-en også, så det kan kanskje vere ein litt vinn-vinn-situasjon, seier Hopen.

Avgrensa kor mange sjansar ein får

Men han understrekar at han kjem til å gjere sitt yttarste for å bøtte inn mål i sesongen, i den grad han slepper til. For som midtbanespelar er han ikkje i fremste rekkje framfor mål, for å seie det forsiktig.

– Det er klart det er avgrensa kor mange sjansar ein får. Vi får satse på ein og annan susar frå distanse, seier Hopen.

Og skulle det bli sju mål eller meir, så er han ikkje kvien på å stille på scena i kulturhuset i Sogndal. Sjølv om han ikkje har noko fortid som komikar.

– Nei, det er vel heller dårleg med det. Men eg skal no klare å klaske i hop eitt eller anna på tre kvarter. Det må gå bra. Og eit par av dei andre på laget har lova å komme, så eg er iallfall garantert ti-15 tilskodarar også, ler Hopen.

Vil ha med tre poeng heim

Han understrekar at både han og lagkameratane er sugne på å få med seg tre poeng heim i bagasjen.

– Vi reiser ikkje til Bodø får å stille opp, vi er her for å ta med poeng. Det hadde vore utruleg herleg å ta heim første trepoengaren i år, seier Hopen.

Men han er klar på at det nok vert eit ivrig Bodø-lag som stiller på andre sida av midtstreken. Etter mange sesongar der Bodø/Glimt gjorde det tidvis bra i Eliteserien, rykte dei ned til Adeccoligaen i 2005.

Etter to sesongar var dei igjen på plass i Eliteserien i 2008 etter kvalifisering. I 2009 vart det nedrykk igjen, før dei i fjorårssesongen rykte opp att.

– Det er vel andre tippeligakampen deira på mange år, så dei går nok ut i hundre og held trykket. Men vi får berre svare, seier Hopen.

To er ute med hovudskade

Sogndal har hatt store skadeproblem siste veka. Onsdag var status slik at korkje Azar Karadas, Bjørn Inge Utvik, Logi Valgardsson, Gustav Valsvik, Eirik Skaasheim eller Hannu Patronen var i form til å spele kamp.

Men fleire av desse er no å rekne som skadefrie.

– Både Karadas og Patronen er framleis ute. Begge dei har hovudskadar, og det tek si tid å lækje. Det er ikkje så mykje å gjere med, seier assistenttrenar Tom Mangersnes.

Karadas pådrog seg eit kinnbeinsbrot i kampen mot Sarpsborg, og måtte operere. Han vert truleg ute to til tre veker, men dette er ikkje avklart.

Patronen fekk hjerneristing på trening. Han er tilbake i trening, men spelar ikkje søndagens kamp.

I tillegg er Eirik Skaasheim framleis ute med ein strekk.

– Men både Utvik, Valgardsson og Valsvik er i full trening og klare for kamp, seier Mangersnes.

Har forventningar om poeng

Bodø/Glimt-trenar Jan Halvor Halvorsen er både tidlegare Sogndal-spelar og Sogndal-trenar. Det trur Mangersnes har lite å seie.

– Det er kanskje meir spesielt for han enn for oss. På laget vårt i dag er det vel berre Rune Bolseth som har spelt under Halvorsen. Resten har ikkje noko minne om han, seier Mangersnes.

Han fortel om eit tent Sogndal-lag som går på bana for å vinne kvar ball.

– Vi har forventingar. Og vi veit at viss alle presterer opp mot sitt eige beste nivå, så kan vi ta poeng i alle kampar. Men vi må halde trykket oppe, seier Mangersnes.

Kampen går i Bodø klokka 18.00.