Hopp til innhold

Slik skal dei sikre årets jordbæravling

Tørre og kalde vintrar med berrfrost gjer det vanskeleg å dyrke jordbær No freistar tre fruktbønder i Lærdal å lure vinteren, med nedfrosne – og opptinte jordbærplanter.

Arne Slogvik
Foto: Jan Christian Jerving / NRK

– Vi har problem med overvintringa. Vi har så mykje tørrfrost med lite snø og djup tele at det tek knekken på plantene om vinteren, forklarer Arne Slogvik.

Testa på Austlandet i fjor

Fruktbonden på Tønjum i Lærdal har dei siste dagane sett ned 13.000 jordbærplanter på ein måte som ikkje tidlegare er prøvd ut på Vestlandet. Jordbærplanter som alt har fått vekse ei stund i sørlegare strok er frose ned og importerte til Norge. Så blir dei varma opp og sett i jorda.

– I fjor var første året denne metoden vart nytta i Norge. Då vart den prøvd ut på Austlandet. Der var det ein suksess, etter det eg har skjønt. Dei skrytte veldig, fortel Slogvik.

Kostar meir

Sjølv har ikkje bonden dyrka jordbær på fleire år, men i staden halde seg til bringebær og morellar. Frostskadde jordbæravlingar var ikkje noko som lokka. No ville han prøve den nye metoden.

– Det blir ein ny måte å dyrke jordbær. Men plantene er dyre, fire-frem kroner stykk, så ein kan ikkje mislykkast for mykje. Ein må ha optimal avling, seier gardbrukaren som er ein tre lokale fruktdyrkarar som testar ut metoden.

Siste natt var det to minusgrader i Lærdal, men Slogvik har god tru på at importplantene står han av.

– Dei toler litt no, og dei skal dekkast med fiberduk. Blir det derimot nattefrost når dei blomstrar i mai, blir det problem.

Kryssar fingrane

Trass sitt sydlandske opphav, jordbærplantene skal vere av norsk sort og smaken skal vere den same som vanlege norske jordbær.

– Eg håpar på det beste, og at det ikkje kjem for store overraskingar. Fjoråret var eit spesielt godt jordbærår, men det kjem an på været, om vi får frost i mai, og om sommaren blir for varm. Plantene må stellast godt med gjødsel og vatning, seier Slogvik.

– Let du plantene stå til neste vinter?

– Dei kan bli ståande. Men då risikerer ein at dei blir dårlege og skadde om vinteren, seier Slogvik som dermed bur seg på ein ny runde med import, dersom nye-metoden blir ein suksess.

Spent på om dei trivst i Lærdal-jorda

Hos dei som skal ta i mot bæra og selje dei vidare, i Lærdal Grønt, er dei spente optimistar.

– Dette er eit reint prøveprosjekt. Det blir interessant å sjå om ein lykkast, seier leiar Rikard Lysne som sjølv er ein av gardbrukarane som testar ut metoden.

Han håpar at ein lykkast, og at metoden kan vere ein måte å unngå overvintringsskadar i framtida.

Ifølgje Lysne har erfaringane frå Austlandet ikkje vore eintydig positive. For nokre har det gått bra, men det har vore litt problem med å få etablert planta. Altså å få den til å vekse vidare i ny jord.

– Det blir spennande å sjå om den trivst i jorda i Lærdal.

– Kva trur du om årets jordbærsesong sett under eitt?

– No på våren er vi alltid optimistar. Det var bra avlingar i fjor, det blir spennande å sjå, seier Rikard Lysne.