Hopp til innhold

Slik skal dei hindre hjort i vegen

Over ein kilometer med gjerde skal no gjere det tryggare for bilistar som ferdast på riksveg 5 mellom Kaupanger og Manheller i Sogndal.

Hjortegjerde på Mannhellervegen

GJERDE: Hjorten skal ikkje få krysse vegen der den sjølv vil. No må den gå der Vegvesenet har laga eigne sluser.

Foto: Statens vegvesen

Hjort som kryssar vegen har lenge vore eit kjent problem på Mannhellervegen. Området er rekna som eit av problemområda der bilistar har blitt oppmoda om å vere ekstra merksame på hjort.

Men no håpar Vegvesenet at dei skal få ned talet på hjortepåkøyrsler her. Dei har nemleg sett opp 1300 meter med hjortegjerde. Slik har dei prøvd å få hjorten til å krysse vegen på stadar der bilistane lettare ser dei.

– Ved hjelp av gjerde og sluser, ynskjer vi å styre hjorten til å krysse på meir oversiktlege stader, seier prosjektleiar i Statens vegvesen, Bente Øyre.

Bilistane vert oppmoda om å vere merksame på kryssingspunkta. Desse er varsla med skilt, i tillegg til at sjølve stolpane på desse slusene er merka med refleks, skriv Vegvesenet på sine nettsider.

I fjor var det registrert nesten 400 hjortepåkøyrsler på vegane i Sogn og Fjordane. For forsikringsselskapa betyr dette store summar, dei må nemleg ut med om lag 15 00 kroner for ei viltpåkøyrsle.

Vegvesenet håpar tiltaka dei har sett verk på riksveg 5 skal gje resultat. I tillegg til gjerda har dei rydda ein del skog for å gjere det meir oversiktleg.

Kva meiner du? Er gjerder rette løysinga for å få bukt med problemet med hjortepåkøyrsler langs vegane? Sei di meining i kommentarfeltet under.