Hopp til innhold

To slepebåtar fekk drege havaristen av skjæret - ingen teikn til oljesøl

Det danske tankskipet «Dart» vart i 20.15-tida trekt laus frå skjæret der det har stått fast sidan torsdag morgon.

Slepet

HALTE OG DROG: Dette biletet er teke frå den eine av dei to slepebåtane.

Foto: privat

To slepebåtar lukkast like etter klokka 20 å dra lasteskipet av Grøneskjæret i Åfjorden i Hyllestad.

– Bergingsarbeidet gjekk svært greitt, og "Dart" sklei lett av skjæret, seier skipssjef om bord på KV «Tor», Anders Krakstad.

Avtrekkinga av lasteskipet vart utført av taubåtane Fastnet Nore og Geco frå Stadt Sjøtransport, på oppdrag frå reiarlaget som eig skipet.

– Dette gjekk veldig greitt. Det var over på eit par minuttar, seier skipper på Fastnet Nore, Jostein Mangerøy.

– Det gjekk veldig bra. Dart sklei fint ut på sjøen. Det såg ut som om dei to slepebåtane som trekte han av, hadde lite problem med å få han på havet att, seier Krakstad.

(Artikkelen held fram under biletet)

På gang

GJEKK GREITT: Skipper Jostein Mangerøy på Fastnet Nore fortel at det var grei skuring å få lastebåten laus av skjæret.

Foto: Atle Inderøy / NRK

Gjekk smertefritt

Han karakteriserer operasjonen som smertefri.

– Det ser ut til at reiarlaget har gjort gode førebuingar, og alt vart gjennomført på ein trygg og profesjonell måte, seier Krakstad.

Trass i at lastebåten "Dart" stod 20–25 meter inn på Grøneskjæret, ser det ut til at båten har komme frå hendinga utan dei store skadane.

– Kystvakta har vore om bord og hatt ein inspeksjonsrunde både om bord og rundt, for å sjå om det var nokon fare for ureining. Slik det er no, flyt fartøyet fint, og det er ikkje observert noko som skulle tilseie fare for korkje ureining eller oljelekkasje, seier Krakstad.

(Artikkelen held fram under biletet)

KV "Tor"

KOM FRÅ BERGEN: KV 'Tor' kom frå Bergen for å bistå i redninga.

Foto: Atle Inderøy / NRK

Sjøfartsdirektoratet skal no sjå om fartøyet er sjødyktig når det kjem til kai.

– No kjem slepebåtar til å følgje båten til kai. Så kjem inspektørar frå Sjøfartsdirektoratet, og sikkert også frå klasseselskapet til fartøyet som vil ta ei vurdering på kor sjødyktig båten er, seier Krakstad.

Det er med andre ord mykje som skal ordnast før skipet er friskmeldt for vidare sjøfart.

Vart letta for boreslam

Skipet har i løpet av dagen vorte tømt for 270 kubikk med boreslam for å gjere båten så lett som mogleg.

Etter at båten vart letta for boreslam, flaut skipet éin meter lettare i sjøen.

– Det har hjelpt godt, seier Krakstad.

(Artikkelen held fram under biletet)

Slep i gang

RASKT: Det tok få minuttar for taubåtane å få lasteskipet 'Dart' laus.

Foto: privat

Har ikkje sett oljesøl

Kystvakta kom frå Bergen i føremiddag for å hjelpe under bergingsarbeidet, men KV «Tor» var ikkje med og dreg havaristen laus.

– Vi var i beredskap dersom det skulle bli oljesøl eller behov for redningsarbeid av noko slag, seier Krakstad.

Det er ikkje observert oljesøl eller anna utslepp frå havaristen, og alle undersøkingar har til no synt at skipet har komme heldig ifrå grunnstøytinga.

– Det har gått fantastisk godt når det først skjedde så gale. Vi trur det er små skadar på båten. Vi har observert mindre skadar på skroget, og det er ikkje avdekka større skadar, seier Krakstad.

Han legg til at situasjonen nok såg verre ut enn han er.

– Sidan skipet er så kort, ser det veldig dramatisk ut. Baugen kjem høvesvis høgt, medan akterenden ligg veldig djupt, seier Krakstad.

(Artikkelen held fram under biletet)

Fastnet Nore og Geco

GODT RUSTA: Fastnet Nore har 3000 hestekrefter, Geco litt færre, men det heldt i massevis for å dra havaristen laus.

Foto: Atle Inderøy / NRK

Måtte gi seg på første forsøk

Det danske lasteskipet var på veg nordover mot Florø med boreslam då det gjekk rett på Grøneskjæret, som ligg utanfor Skivenes i Åfjorden i Hyllestad.

Båten vart ståande 20–25 meter opp på grunn, og kom seg ikkje av flekken. Redningsskøyta «Halfdan Grieg» gjorde på føremiddagen eit forsøk på å trekkje tankskipet av grunn, men dette lukkast ikkje.

Politiet fekk melding om grunnstøytinga frå Hovudredningssentralen klokka 05.30 torsdag morgon.