Hopp til innhold

Samlar seg fleire gonger i veka for å snakke om alt og ingenting

Om du trudde eldre folk berre sat heime for seg sjølve og stura tek du skammeleg feil. I Høyanger har dei halde liv i pensjonistlaget i ein mannsalder og pensjonistane er blant dei mest aktive i heile landet.

Torfinn Fimreite

VAFLAR OG KAFFI: Torfinn Fimreite stod for mat og drikke i kafeen på Eldresenteret i Høyanger denne veka.

Foto: Gro Ravnestad / NRK

– Det at vi har ein slik plass og samlast, det betyr alt. Det er så flott, seier Torfinn Fimreite.

Leiaren i Høyanger Pensjonistlag ønskjer velkommen i Eldresenteret i bygda. Eit raudt gammal hus i sentrum av Høyanger der det er liv og røre fleire gonger i veka.

Pensjonistane i bygda nektar nemleg sitje heime for seg sjølve. I staden samlast dei til kaffi og prat både tysdag, onsdag og torsdag.

– Om kafeen opnar klokka 10, så kjem folk klokka 09. Og sist vi hadde møte kom folk halvanna time før, seier Fimreite som ikkje legg skjul på at han og dei andre trivst godt i lag.

Det nest eldste laget i landet

Høyanger Pensjonistlag vart etablert allereie i 1946, og nærmar seg dermed 70 år. Det gjer dei til det nest eldste pensjonistlaget i Norge.

– Det er eit lag på Austlandet ein plass som er to månader eldre enn oss, seier Lilly Slinde.

82-åringen er fast gjest når pensjonistane samlast i Eldresenteret. Ho har sjølv vore leiar i laget og er klokkeklar på at foreininga er bra for både den mentale og den fysiske helsa til medlemmane.

– Det er klart dette gjer oss friskare. Her diskuterer vi alt mellom himmel og jord, og vi har det veldig bra, seier ho.

– Så det er ingen som treng sitje heime å sture?

– Nei, det slepp vi, ler ho. Dette er godt for kropp og sjel, det er heilt sikkert, seier ho.

(Artikkelen held fram under)

Frå Eldresenteret i Høyanger, eldre møtast til kafe fleire gonger i veka

KVAR FOR SEG: Sidan gamle dagar har kvinnene og mennene sete kvar for seg. Slik er det framleis på Eldresenteret i Høyanger.

Foto: Gro Ravnestad / NRK

– Huset er viktig for oss

I tillegg til og samlast over kafe tre gonger i veka samlast dei til feiring rundt store dagars om 17. mai og liknande. Og i løpet av året reiser laget på fleire turar.

– I mai skal vi til Stavanger og i august går turen til Skottland, seier Slinde om den spreke gjengen.

Eldresenteret var i si tid ei gåve frå kommunen og Norsk Aluminiumskompani. I dag er det pensjonistlaget som disponerer huset. Det å ha ein stad der det er plass til fleire titals personar er viktig for samhaldet, meiner både Slinde og Fimreite.

– Vi kan samlast når det passar oss, huset står jo her, seier Slinde.

Når det er årsmøte i pensjonistlaget er det heilt stappfullt i lokalet. Opp mot 60 personar brukar møte opp.

– Det er mange det, seier Slinde.

(Artikkelen held fram under)

Frå veggen inne i Eldresenteret i Høyanger, bilete av tidlegare formenn i Høyanger Pensjonistlag

FORMENN: På veggen inne på Eldresenteret heng det bilete av tidlegare formenn i Høyanger Pensjonistlag.

Foto: Gro Ravnestad / NRK

Leiaren steppa inn på kjøkkenet

Denne veka var det leiaren sjølv som stod for steiking av vaflar og koking av kaffi i kafeen.

– Ho som brukar gjere dette har reist på ferie i 14 dagar, men dette går bra. Eg har så mykje å gjere, flirer han medan han svinsar rundt på kjøkkenet.

Og han har ikkje juksa med røra, heimelaga greier er det einaste som tel.

– Det er så mange eldre mat her som har laga mat i 80 år, så om eg kjem med noko posegreier så hadde eg fått høyrt det, flirer han før han tek seg i det.

– Eller, dei seier ikkje så mykje, dei er så høflege og kjekke. Men dei har eit blikk veit, seier han.

Sit kvar for seg

Ute i kafeen sit kvinnene og karane kvar for seg. Slik har det alltid vore.

– Det er tradisjon. Det har vore slik sidan gamle dagar, og her har dei halde det i hevd. Der inne snakkar dei om kvinnfolk, seier han og peikar på mannfolka.

– Og der inne snakkar dei om strikkeoppskrifter, peikar han andre vegen.

Lille Slinde og damene har heller ikkje noko problem med at dei sit kvar for seg.

– Mannfolka har beskjed om at dei ikkje vil ha besøk av damene. Det er heilt sant, ler dei.

– Men vi er glade vi er kvitt dei og.

– Alle er velkomne

Når dei eldre i Høyanger samlast går praten lett om alt det skulle vere.

– Vi snakkar om alt mogleg og løyser alle slags problem.

Ho understrekar at alle er hjarteleg velkomne til å bli med på samlingane dei har på Eldresenteret. Også dei som ikkje er medlemmer.

– Vi har det så kjempekjekt her, seier ho og får støtte frå dei andre.

Eldresenteret i Høyanger

EIGE HUS: Pensjonistane seier det er viktig for dei å ha ein eigen samlingsstad.

Foto: Gro Ravnestad / NRK