Hopp til innhold

Vil kutte i vedlikehald på vegane, bokbåten og nybygg på skulane

Planlagde nybygg ved dei vidaregåande skulane blir kutta frå 2015, dersom fylkesrådmannen får viljen sin. Dermed kan det sparast inn over 140 millionar kroner på skulebygg fram til 2018.

Øyrane vidaregåande skule i Førde

KUTTAR NYBYGG: Fylkesrådmann går inn for å kutte ut planlagde nybygg i skulesektoren. Mellom anna her ved Øyrane vidaregåande skule i Førde.

Foto: Kjell Arvid Stølen

Dermed kan nybygg på dei vidaregåande skulane i Førde ryke med eit pennestrok når politikarane får fylkesrådmannen sine kuttforslag på bordet.

Det same gjeld investeringar i avdelinga for mat- og restaurantfag som er flytta frå Hafslo til Sogndal.

– Det er planlagt prosjekt både på Mo, Øyrane og Hafstad. Vi meiner at dei må utsetjast. Så stiller vi også spørsmål ved om vi kan byggje nytt for restaurant- og matfag ved Sogndal vidaregåande, seier fylkesrådmann Tore Eriksen, til NRK.

Skal kutte mange millionar

Det er eit omfattande forslag til økonomiplan for åra 2015 og 2016 fylkesrådmannen gjorde offentleg i dag. No kjem forslaga til politisk handsaming.

Dei varsla kutta i den fylkeskommunale økonomien vil ikkje bli teke neste år, men frå 2016 vil det bli langt meir merkbart. I løpet av dei neste åra skal fylkeskommunen kutte over 230 millionar kroner på drifta.

– Kuttlista den er godt tilpassa det oppdraget vi har fått av finansutvalet rett før sommaren. Der er vi pålagde å skissere innsparingar på 44 millionar kroner i 2015 og 114 millionar i 2016 og med utgangspunkt i dei økonomiplanrammene som har lege så langt, seier Eriksen.

Kuttar i vegvedlikehald

Og det er slett ikkje berre i skulesektoren ein vil merke at fylkeskommunen sin økonomi blir dårlegare i åra framover. Neste år blir det kutta 7,5 millionar i vedlikehald av fylkesvegane, medan i 2016 blir tilsvarande kutt heile 56,4 millionar kroner.

– Så vi skal kutte så mykje i forhold til dei rammene og det største kuttet her er jo lagt inn på samferdsle og vedlikehald av vegar. Det er fordi at der meiner vi det er mogleg å ta ned reaktivt mykje på kort sikt, meiner fylkesrådmannen.

Dette går også ut over eit fond fylkeskommunen har hatt på 15 millionar kroner til uføresette hendingar på fylkesvegnettet.

Vil leggje ned bokbåten

Fylkesrådmannen tilrår også å kutte i kulturbudsjetta i åra framover. Mellom anna blir bokbåten igjen føreslegen nedlagd, og Eriksen vil også kutte nær ein million til fylkesmusikarordninga. Også musea blir råka ved at planane om felles magasin for samlingane i beste fall blir utsett.

– Dette er jo tenkt som eit spleiselag mellom stat, fylkeskommune og kommune fordi kostnaden med å realisere prosjektet blir ganske stor, og vi meiner at musea i Sogn og Fjordane må prøve å greie ut rimelegare løysingar og gjerne med desentralisere løysingar dersom det er naudsynt for å finne den magasinkapasiteten som muesea treng, seier fylkesrådmann Tore Eriksen.

Droppar siste biten av Olden-Innvik

I kuttforslaga frå fylkesrådmannen kjem det også fram som venta at fylkesrådmannen vil leggje vekk midlane som var tenkt til den siste parsellen på Olden - Innvik.

– Det er jo eit sterkt ynskt prosjekt, i alle fall i deler av Nordfjord. Det kostar så mykje at i den situasjonen vi no er i, har eg store problemer med å sjå at vi kan finasiere det, seier Eriksen.

Han peikar på at det går ein dialog mellom fylkeskommunen og staten ved regjeringa om kven som eigentleg skal finansiere det, fordi at det er jo bestemt at den vegen før eller sidan blir statleg i samband med ny parsell for E39.

– Frå 2018 ligg den såkalla Førdepakken inne med midlar, kvifor satsar de på dette vegprosjetet framfor andre?

– Vi ser jo at det at vi legg inn 150 millionar kroner over ein seksårsperiode det utløyser ei samla vegbygging som er 10 gonger så stor, Nemleg 1,5 milliardar kroner ved at både stat, kommune og ikkje minst bilistane gjennom bompengar kjem inn. Så vi får realisert veldig mykje veg 150 fylkeskommunale millionar for å seie det slik.